Dei omfattande angrepa var mellom anna retta mot ambassadar og mot ISAF-hovudkvarteret i Kabul.
Ingen norske militære er skadde
I hovudstaden Kabul tenestegjør militært personell frå Forsvarets spesialkommando, i tillegg til i underkant av 20 norske soldatar og offiserar som jobbar i ISAF-hovudkvarteret og ved den internasjonale flyplassen i byen.
- Sålangt har vi ikkje fått meldingar om at norsk militært personell er skadde i angrepa, seier presse- og informasjonsoffiser, major Ivar Moen, ved FOH.
Kabul ligg aust i Afghanistan og har i underkant av
fire millionar innbyggjarar. Hovudkvarteret for dei internasjonale
styrkane ligg i hovudstaden. Det er her mesteparten av aktiviteten til
dei utanlandske styrkane blir planlagt og leia.
Norske stabsoffiserar jobbar med ulike oppgåver i sentrale posisjonar ved hovudkvarteret som no er råka av angrepa.
Norske spesialstyrkar deltek
Spesialoperatørar frå Forsvarets spesialkommando (FSK) deltek i kamphandlingane i Kabul.
FSK har sidan starten av april hatt ansvar for å trene og mentorere den afghanske spesialpolitieininga Crisis Response Unit (CRU).
- Dei norske spesialstyrkane si hovudoppgåve er å vere mentorar for denne spesialpolitieininga. Det inneber også å følgje det afghanske spesialpolitiet ut i kamphandlingar, og å gje råd og rettleiing i skarpe situasjonar. Det gjeld også i denne pågåande operasjonen, seier talsmann for forsvarssjefen, oberstløytnant Bent-Ivan Myhre.
Spesialoperatørane i FSK vil følgje det afghanske spesialpolitiet så lenge operasjonen pågår. Forsvaret kan, grunna tryggleikshensyn, ikkje gå ut med kor mange norske spesialsoldatar som er i Kabul.