To verdskrigar

Illustrasjonsbilde - 1900-tallet og verdenskriger

1900-talet og to verdskrigar

1900-talet skulle føre med seg to verdskrigar. Under den første (1914–1918) greidde Noreg å halde seg nøytralt, sjølv om sympatien låg på engelsk side. På sjøen miste Noreg meir enn 3500 sjøfolk, som blei offer for tyske angrep. Etter krigen var verda igjen utmatta av krig, og det kom ein periode med ønske om nedrusting. Det førte til at løyvingar til militære formål lenge blei haldne på eit minimum.

Gjekk du glipp av Forsvaret på 1800-talet? Les om europeisk fred.
 

Tyskarane okkuperer Noreg

Faresignala om ein ny krig førte til at ein også i Noreg prøvde å ruste opp, men tida blei for knapp. 9. april 1940 gjekk Tyskland til angrep på Noreg, og etter tidvis intense kampar, særleg rundt Narvik, fekk tyskarane kontroll over heile landet frå juni 1940. Om lag 1100 nordmenn fall i kamp våren 1940. Etter nederlaget blei det bygd opp norske militæravdelingar i Storbritannia, både hær-, sjø- og luftstyrkar.
 
I alt miste om lag 10 000 menneske livet i kamp på norsk jord under andre verdskrigen, dei fleste under kampane i samband med frigjeringa av delar av Nord-Noreg hausten 1944. I tillegg omkom svært mange sovjetiske og serbiske krigsfangar i tysk fangenskap i Noreg.
 

Nøytralitet

Ein av dei viktigaste konsekvensane for ettertida var at verdskrigen endra det norske synet på nøytralitet. Norske styresmakter innsåg at nøytralitet ikkje var nokon garanti for at ein verdskrig ikkje ville ramme Noreg.

Les vidare om Forsvaret under den kalde krigen.
I løpet av første verdenskrig drev miner i land langs norskekysten. Her fra Brønnøysund. © Forsvarsmuseets billedarkivNorsk uniform fra 1934. © Forsvarsmuseets billedarkivPanserskipet Eidsvold var i tjeneste fra 1901 til 9. april 1940 da det ble senket av tyskerne ved Narvik. © Forsvarsmuseets billedarkivFlyveskolen Little Norway ble opprettet i Canada under andre verdenskrig av den norske regjeringen i eksil. © Forsvarsmuseets billedarkivTotalt i løpet av krigen ble over 2500 norske flysoldater av alle kategorier (flygere, navigatører, mekanikere m.m.) utdannet i Little Norway. © Forsvarsmuseets billedarkivFra flyveskolen Little Norway. © Forsvarsmuseets billedarkiv© Forsvarsmuseets billedarkivHeimevernssoldater. © Forsvarsmuseets billedarkivUnder andre verdenskrig ble det opprettet egne kvinnekorps. Her sees marinens kvinnekorps. © Forsvarsmuseets billedarkiv© Forsvarsmuseets billedarkivFrigjøringen 1945, Oslo. © Forsvarsmuseets billedarkiv