Med ny internasjonal spenning seint i 1940-åra blei styresmaktene endå meir bekymra. Etter at forsøka på å få i stand eit nordisk forsvarsforbund hadde stranda, gjekk Noreg inn i Nato i 1949. Satsinga på Nato og erfaringane frå krigen førte til at oppbygginga av eit norsk forsvar fekk brei politisk oppslutning, og det blei løyvd store ressursar. Samtidig fekk Noreg tilskot frå USA og Nato, hovudsakleg i form av våpenhjelp og midlar til infrastruktur. I 1952/53 utgjorde forsvarsbudsjettet 30 prosent av statsbudsjettet og 4,7 prosent av brutto nasjonalprodukt.
Gjekk du glipp av Forsvaret på 1900-talet? Les om dei to verdskrigane.
Gullalder for verneplikta
Freden i 1945 var byrjinga på ein gullalder for verneplikta i Noreg. Fleire blei tekne inn til førstegongsteneste, den militære grunnutdanninga blei meir omfattande, og det blei regelmessige øvingar for mobiliseringsavdelingane. På det meste var over 350 000 soldatar planlagt brukte i dei militære styrkane. Som ein del av den internasjonale innretninga av Forsvaret har Noreg heilt sidan 1949 òg vore ein aktiv bidragsytar til FNs fredsbevarande styrkar. Meir enn 40 000 norske kvinner og menn har vore i FN-teneste.
Andre verdskrigen viste at moderne krig får verknader for heile samfunnet, ikkje berre dei som er på slagmarka. Dette la grunnlaget for opprettinga av totalforsvaret. Mobiliseringa gjaldt ikkje berre dei militære styrkane, men også det sivile samfunnet. Frykta for bombinga førte til dømes til at det blei førebudd vernetiltak for sivilbefolkninga.
I storleik og ressursar var Forsvaret på sitt største i 1950- og 1960-åra. Natos strategi endra seg i slutten av 1960-åra, og alliansen gjekk frå massiv gjengjelding med bruk av atomvåpen til fleksibel respons. Kombinert med reduserte tilskot frå USA og Nato førte dette også til endringar for det norske forsvaret. Nordområda fekk større strategisk verdi for stormaktene.
Noregs medlemskap i Nato var meint å skulle verke avskrekkande på Sovjetunionen. Samtidig ønskte ikkje Noreg å provosere kjempa i aust unødvendig, og ein måtte føre ein forsvarspolitikk som verka tillitsvekkjande. Den norske basepolitikken innebar ei erklæring om at Noreg ikkje ville opne militære basar for framande makter på norsk territorium – så lenge Noreg ikkje blei angripe eller utsett for truslar om angrep. Den norske atompolitikken gjekk ut på at norske styresmakter ikkje ville tillate stasjonering av atomvåpen på norsk jord i fredstid.
Les vidare om det moderne forsvaret og den nye strukturen.