I union

Illustrasjonsbilde - Union med Danmark

1500-talet til 1800-talet.

Handelsorganisasjonen Hansaforbundet voks seg sterk i seinmellomalderen, og det blei nødvendig for dei dansk-norske styresmaktene å ha maktmiddel på sjøen for ikkje å la seg dominere heilt av forbundet. I 1510 blei derfor ein permanent dansk-norsk orlogsmarine etablert, og under Kristian 4. var flåten blant dei sterkaste i Europa. Medan hæren blei administrert som ei norsk eining, var marinen felles for heile monarkiet.

Kristian 4. reorganiserte også landforsvaret. I 1628 blei det vedteke å opprette ein norsk hær, ein såkalla legdshær, som inneber at utskrivinga var knytt til jordeigedom. Med grunnlag i skattelistene blei jordeigedommane delte i legder, som så stilte soldatar. Personleg verneplikt kom langt seinare. Til saman var over 7000 innrullerte.



Gjekk du glipp av Forsvaret frem til 1500-talet? Les om vikingtid og mellomalder
.

Teksten held fram under biletet.
 

Norge i union med Danmark

Området som omfattet Danmark under unionen i 1780.


I strid med Sverige

Oldenborgmonarkiet (unionen mellom Danmark, Noreg og Slesvig-Holstein) låg i ein nærmast permanent strid med Sverige på denne tida, og det var fire større konfliktar på 1600-talet. Svenskane fekk til slutt medhald i krava sine om nytt land også i Noreg. Store landområde blei overførte frå Noreg til Sverige, og dei geografiske grensene som Noreg og Sverige har i dag, blei stort sett etablerte i løpet av dette hundreåret.

Hæren blei gradvis meir norsk. I 1750 blei krigsskulen, Den frie matematiske skole, oppretta. I 1784 blei den første underoffisersskulen oppretta.



Allianse med Frankrike og Napoelon

1700-tallet var ein fredsperiode, trass i rivaliseringa med Sverige. Den dansk-norske marinen blei sterkt utbygd, men var sjeldan utrusta for krig. At marinen var til stades som eit potensielt maktmiddel, var likevel viktig, ikkje minst då revolusjons- og napoleonskrigane braut ut i 1790-åra. I 1807 var engelskmennene redde for at flåten skulle hamne på fransk side, og dei gjennomførte eit raid mot Danmark, som enda med at heile flåten anten blei teken med til England eller øydelagd. Danmark-Noreg valde då å gå i allianse med Frankrike og Napoleon, noko som førte til krig både med England og Sverige. Felttoget mot Sverige enda heldig for dei norske troppane, men krigen mot England blei hard. England gjennomførte ein streng handelsblokade, og i Noreg, som var avhengig av matimport, leid folk av svolt og nød.


Teksten held fram under biletet.
  

Bondesoldater fra 1697.

Bondesoldater fra 1697. Den første teikninga som finst av norske uniformer.


Union med Sverige

Då det endelege oppgjeret med Napoleon kom i 1814, enda det med at Noreg blei overført frå Danmark til ein union med Sverige. Men før dette blei endeleg fullbyrda, hadde krefter i Noreg greidd å utarbeide ei grunnlov på Eidsvoll. Ei eiga grunnlov blei viktig for den seinare unionen med Sverige, fordi Noreg blei rekna som ein eigen stat. Den viktigaste paragrafen i Grunnlova, militært sett, var § 109, som slo fast prinsippet om allmenn verneplikt. Men nesten heile 1800-talet skulle gå før verneplikta var gjeldande for alle norske menn.

Les vidare om europeisk fred på 1800-talet.