Den første norske forsvarsorganisasjonen, leidangen, blei oppretta langs kysten på 900-talet, «så langt inn i landet som laksen gjekk» heitte det. Det blei også etablert eit varslingssystem med vardar på fjelltoppane i landet. Bodskapen om ein invaderande fiende tok ei veke frå sør til nord. I tillegg til leidangsutbodet var hirda ein viktig militær maktfaktor. I Noreg var hirda opphavleg den kongelege livvakta, og i mellomalderen var hirda med på å sikre kongen av Noreg eit eigna militærapparat til å hevde rettane sine både innan- og utanlands.
Les vidare om Forsvaret under unionen med Danmark
Leidangen var en ordning der bønder utrustet og bemannet skip.