Dombås

Illustrasjonsbilde -
 
På Dombås ligg Heimevernets skule- og kompetansesenter.

Dombås er eit trafikknutepunkt i Dovre kommune, midt i Sør-Noreg. Tettstaden ligg 330 kilometer frå Oslo og 200 kilometer frå Trondheim og har gode veg- og jarnbanesamband. Dovre er den nordlegaste kommunen i Oppland og har 2 900 innbyggjarar. Vil du vite meir om Dombås, kan du sjå på kommunen sine nettsider.

Forsvaret på Dombås
På Dombås ligg Heimevernets skule- og kompetansesenter. Dette er våpenskulen til Heimevernet som utdannar 1400 befal i året.

Aktivitetstilbod
Heimevernets skule- og kompetansesenter ligg midt i sentrum av Dombås. Både butikkar, lege, tannlege, buss, jernbane, barnehage og grunnskule ligg i kort gangavstand frå arbeidsplassen. Likeins er avstanden kort til vill og vakker natur, med eit vell av høve til fritidsaktivitetar. Mektige fjellområde i Rondane og Dovrefjell, med Snøhetta som høgste punkt (2 286 moh.), er lett tilgjengelege.

Bustad
Viss du treng informasjon om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, kan du ta kontakt med Forsvarsbygg på telefon 815 70 44 eller sjå på nettsidene deira.

Familiekoordinator
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.
 
Heimevernets skule- og kompetansesenter:
Fred Arne Hessen, e-post: fhessen@mil.no. Telefon: 61 21 76 00