Drevjamoen/Mosjøen

Illustrasjonsbilde - Foreløpig: Mosjøen
 

Drevjamoen leir huser både Heimevernet og Forsvarets logistikkorganisasjon.

Mosjøen er byen som ligg midt i Nordland fylke. Byen har 10 000 innbyggjarar, eit tradisjonsrikt handelssenter, og mykje gammal trehusbusetting ved foten av Øyfjellet. For meir informasjon om Vefsn, sjå kommunen sine nettsider.

Forsvaret på Drevjamoen
Leiren til Forsvaret ligg tre mil nord for Mosjøen, som er kommunesenteret i Vefsn kommune. Leiren blir disponert av Sør-Hålogaland Heimevernsdistrikt 14 og Forsvarets logistikkorganisasjon.


Aktivitetstilbod
Det finst ei rekkje aktivitetstilbod for dei som har tilknyting til Drevjamoen. Leiren har eige treningsrom, og eit stort idrettsanlegg med svømmehall. Ein større alpinbakke, fleire lysløyper og eit godt tilrettelagt friluftsområde er òg blant tilboda.

Bustad
For informasjon om Forsvaret sine utleieboligar på tjenestesteder, kontakt Forsvarsbygg på telefon 815 70 44, eller sjå Forsvarsbygg sine nettsider.

Familiekoordinator
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.

HV-14:
Jonny Løe, e-post: jloe@mil.no. Telefon: 75 11 20 20