Elverum/Terningmoen

Illustrasjonsbilde -
 

I Terningmoen leir finn du blant anna rekruttskulen til Garden og Hæren sin våpenskole.

Elverum er med på å danne inngangen til Østerdalen, midt i Hedmark fylke. Kommunen har rundt 19 000 innbyggjarar og gode høve for jakt og villmarks- og friluftsliv. Vil du vite meir om Elverum, sjå kommunen sine nettsider.

Forsvaret i Elverum
Både Rena leir og Terningmoen er under Østerdal garnison. På Terningmoen finn du Gardens rekruttskule, Opplandske heimevernsdistrikt, Krigsskulen 1. avdeling, Hærens våpenskule med Forsvarets vinterskule, Forsvarsbygg og Forsvarets logistikkorganisasjon base Østerdalen.

Fritidsaktivitetar
Det finst ei rekkje aktivitetar for alle som har tilknyting til Østerdal garnison. Trysilfjellet, eit av dei beste skianlegga i Norden, ligg like nord for Elverum. Verdt å nemne er òg elg- og beversafari og fiskemoglegheiter. Mykje føregår på Rena, blant anna babykino og babysymjing. Velferdskontoret er òg på Rena. Der finn du blant anna familierom med leiker, datamaskiner, bøker og Playstation. I Elverumshallen er det rom for dei aller fleste innandørsaktivitetar, inkludert turn. I tillegg er det mogleg å bruke Elverum symjehall og drive hestesport ved Elverum rideklubb. Ein kan òg låne kano, kajakk, fiskeutstyr med meir.

Bustad
Forsvaret har fleire bustader i tilknyting til Terningmoen leir. Viss du vil vite meir om Forsvaret sine utleigebustader på tenestestaden, sjå nettstaden til Forsvarsbygg eller ta kontakt på telefon 815 70 445.

Familienettverk
Ved fleire av Forsvaret sine tenestestader finst det frivillige familienettverk. I Elverum finner du Hjemmebataljonen. Nettverket er ein sosial arena der ektefellar, samboarar, kjærastar og partnarar av dei som jobbar i Østerdal garnison vil få høvet til å møte andre i same situasjon og etablere eit sosialt nettverk for heile familien. Les meir om dei her.

Familiekoordinatorar
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.
 

Administrativ foresatt avdeling (AFA) Hæren.

HV-05:
Bjørn Olav Grønning, e-post: bgronning@mil.no. Telefon: 62 40 82 10