På Sessvollmoen finn vi fleire av Forsvarets avdelingar.
Ullensaker kommune i Akershus grensar til Eidsvoll i nord, Sørum i sør, Nes i aust og Gjerdrum i vest. Kommunen har nærare 30 000 innbyggjarar, og kommunen ligg berre ein knapp times køyretur frå Oslo sentrum. Vil du vite meir om Ullensaker, sjå kommunen sine nettsider.
Forsvaret i Ullensaker
Militærleiren til Forsvaret ligg på Sessvollmoen. Leiren husar fleire av avdelingane til Forsvaret, men blir dominert av fem store: Forsvarets sanitet, Forsvarsbygg, Forsvarets logistikkorganisasjon, Regional støttefunksjon Base Viken og Forsvarets kompetansesenter for logistikk.
Aktivitetstilbod
Idrettsavdelinga held til ved hovudkvarteret på Gardermoen flystasjon, og her er det både faste treningar, personleg oppfølging og turneringar. I Ullensaker kommune er det òg eit rikt og variert idrettstilbod med over 40 idrettslag. Det finst òg fleire større kommunale idrettsanlegg som Idrettsparken på Jessheim, Bakkedalen kunstgrasbane, Kløftahallen, Jessheimhallen og fleirbrukshallen til Gystadmarka skule.
Bustad
Forsvaret har fleire bustader til utleige i Ullensaker. Blant dei kan det nemnast firemannsbustader på Østli, einebustader, tomannsbustader og blokkleilegheter på Jessheim og dessutan firemannsbustad og blokkleileghet på Kløfta. Viss du vil vite meir om eigedommane til Forsvaret, kontakt Forsvarsbygg utleige på telefon 815 70 445.
Familiekoordinatorar
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.
Gardermoen:
135 Luftving:
Gunn Eva Høgseth, e-post: gehogseth@mil.no. Telefon 64 80 37 05
Stasjonsprest:
Reidar Kirkevold, e-post: rkirkevold@mil.no. Telefon: 64 80 31 07
Sessvollmoen:
Forsvarets kompetansesenter for logistikk:
Tina L. Brustad Kristiansen, e-post: tikristiansen@mil.no. Telefon: 63 92 52 12