Haakonsvern Orlogsstasjon er hovudbasen til Sjøforsvaret.Bergen ligg i Hordaland fylke og har 252 000 innbyggjarar. Vil du vite meir om Bergen, kan du sjå på
kommunen sine nettsider.
Forsvaret på Haakonsvern Haakonsvern er den største marinebasen i Norden og ligg åtte kilometer vest for Bergen sentrum. Rundt 4 000 personar tenestegjer på Haakonsvern. Basen har eigen brannstasjon, sjukestove, postkontor, kyrkje og lege- og tannlegekontor. Også Sjøforsvarets befalsskule ligg i Bergen.
AktivitetstilbodDet finst ei rekkje aktivitetstilbod ved Haakonsvern. Basen har eiga treningsavdeling for forsvarstilsette og familiane deira (over 16 år), og ein har òg tilgjenge til symjehall. Elles har Bergen by eit hav av tilbod innan kultur og fritidsaktivitetar.
BustadForsvaret har 220 bustader til disposisjon for tilsette i Bergen og omland. Marinenettverket er ein frivillig organisasjon som ønskjer å ta vare på marinefamiliane sine interesser på best mogleg måte. Ta kontakt på 408 78 590.
Familiekoordinatorar
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.
Les meir om kva familiekoordinatorane kan hjelpe deg med.
Veit du ikkje kven som er din familiekoordinator? Ta kontakt på telefon 800 85 000 for å bli sett i kontakt med rett person.