Vernepliktsverket ligg på Hamar og har ansvaret for personell, sesjon og innkalling til førstegongsteneste.
Hamar ligg fint til på austsida av Mjøsa, der Noregs største innsjø er på sitt breiaste, og har 27 000 innbyggjarar. Byen blir av mange kalla innlandshovudstaden og ligg litt over ein time frå Oslo med tog. Vil du vite meir om staden, sjå
Hamar kommune sine nettsider.Forsvaret på Hamar
Vernepliktsverket forvaltar militært personell for Forsvaret og har ansvaret for sesjon og innkalling til førstegongsteneste. Lokala til Vernepliktsverket ligg 10 minutts gange frå jarnbanestasjonen og sentrum. IKT-avdelinga til Forsvarets logistikkorganisasjon held òg til på Hamar.
AktivitetstilbodOm sommaren er Mjøsa eit naturleg rekreasjonsområde. Byen har mange badestrender i umiddelbar nærleik til sentrum og eit yrande båtliv. Om vinteren lokkar Vangsåsen svært mange ut på skitur. Forresten har Hamar idrettsklubbar som hevdar seg blant dei beste i Noreg både i ishockey, bandy, handball og fotball.
BustadForsvaret har rundt 25 bustader i Hamar og omland. Bustadene ligg i hovudsak sentrumsnært, men nokre ligg i nabokommunane Ringsaker, Stange og Løten. Bustadene på Hamar blir først og femst tildelte tilsette ved Vernepliktsverket og Forsvarets logistikkorganisasjon. Forsvaret disponerer òg fleire hyblar og dobbeltkvarter i Hamar-området. Viss du vil vite meir om bustadene til Forsvaret på Hamar, ta kontakt med
Forsvarsbygg utleige på telefon 815 70 445.