Kjevik / Kristiansand

Illustrasjonsbilde -  Kjevik / Kristiansand
 
 
På Kjevik utdannes ledere og teknikere til Forsvaret.

Vil du vite meir om Kristiansand, kan du sjå på nettsidene til kommunen.

Forsvaret på Kjevik
All militær verksemd på Sørlandet er knytt opp mot Kjevik. Blant dei militære aktørane finn vi Agder heimevernsdistrikt, Vernepliktsverket, Forsvarsbygg, Forsvarets logistikkorganisasjon og Luftforsvarets skulesenter. Skulesenteret består av Luftforsvarets befalsskule og Luftforsvarets tekniske skule.

Aktivitetstilbod
Kristiansand kan freiste med landets nest største båthamn, sju lysløyper og milevis med turstiar. I leiren er det idrettshall med klatrevegg, handball- og fotballbane, treningssal og spinningsal. Leiren ligg to kilometer frå Hamresanden, som er ein av Noregs mest populære campingplassar. Frå leiren til næraste badestrand, Kjevikstranda, er det 400 meter.

Bustad
Forsvaret har bustader til utleige både i Kjevik, Hånes og i sjølve Kristiansand. Viss du vil ha meir informasjon, kan du ta kontakt med bustadkontoret ved Trygve Venæs på telefon 38 06 52 06.
 
Familiekoordinatorar
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.
 
Luftforsvarets skoler/FLO:
Jarle Blix, e-post: jblix@mil.no. Telefon: 38 06 51 22
 
HV-07:
Hugo Thoresen, e-post: huthoresen@mil.no. Telefon: 23 09 81 64