Kolsås husar fleire av Forsvarets avdelingar og har eit av dei største idrettsanlegga som som finst i nokon norsk militærleir.
Bærum er med 112 000 innbyggjarar den største kommunen i Akershus og grensar til Oslo kommune i nordaust. Sjølv om det høgste punktet i Bærum er Vidvangshøgda, finn ein den beste utsikta frå toppen av søre Kolsås. Herfrå ser ein utover heile kommunen, inn til Oslo, over til Nesodden og det aller meste av indre Oslofjord. Vil du vite meir om Bærum, sjå kommunen sine
nettsider.Forsvaret på KolsåsPå Kolsås ligg fleire av avdelingane til Forsvaret: Akershus kommandantskap, IKT-avdelinga til Forsvarets logistikkorganisasjon, delar av Nasjonalt tryggingsorgan og Forsvarets informasjonsinfrastruktur.
AktivitetstilbodKolsås har eit breitt velferdstilbod for soldatane, blant anna eit av dei største idrettsanlegga som finst i nokon norsk militærleir. Bærum kommune har òg fleire store idrettsanlegg som kan brukast til dei fleste idrettar og sportsgreiner, mellom anna fleiridrettsanlegget Haugar idrettspark, Nadderudhallen, Grønneshallen og Telenor Arena. Alpinanlegg finn ein i Kirkerudbakken, Krydsbybakken og Kolsåsbakken. Vidare tilbyr terrenget gode høve for langrenn i eit godt utbygd lysløypenett, både i Vestmarka og Bærumsmarka.
BustadDet finst om lag 330 familieleilegheiter til disposisjon for forsvarspersonell som tenestegjer i Oslo og Akershus. Leilegheitene er i hovudsak i Oslo by, men nokre ligg òg utanfor bygrensene, i Asker, Bærum, Nittedal, Ski og Rælingen. Det er ingen område som berre består av Forsvaret sine utleigebustader.
Viss du vil vite meir om utleigebustader for forsvarstilsette i osloområdet, ta kontakt med base Viken, regional støttefunksjon, eigedom bygg og anlegg på telefon 23 09 37 13. Du kan òg kontakte Forsvarsbygg utleige på telefon 815 70 445.
Familiekoordinator
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.
FLO IKT: