Forsvarets militærbase på Jørstadmoen husar fleire av Forsvarets avdelingar.
Lillehammer kommune ligg i Oppland og har i overkant av 25 000 innbyggjarar. Etter å ha husa OL i 1994 har Lillehammer utvikla seg til ein levande by med gode kommunikasjonssamband og svært gode høve til å drive vintersport. Vil du vite meir om Lillehammer, sjå kommunen sine nettsider.
Forsvaret på Jørstadmoen
Militærbasen til Forsvaret på Jørstadmoen ligg åtte kilometer frå Lillehammer by. Dei største avdelingane på basen er Forsvarets kompetansesenter for kommando- og kontroll informasjonssystem (FK-KKIS), Forsvarets arkivadministrasjon og Forsvarets sikkerheitsavdeling. I alt er det rundt 360 tilsette på basen. I tillegg kjem om lag 120 studentar ved Forsvarets ingeniørhøgskule og soldatar i vakt- og sikringsteneste.
Aktivitetstilbod
På Lillehammer er det særs gode høve til å drive med jakt og fiske både sommar og vinter. Kommunen har golfbane, langrennsløyper og gode alpinanlegg på Hafjell i Øyer, på Skeikampen i Gausdal og på Kvitfjell i Ringebu. Alt ligg i umiddelbar nærleik til Lillehammer. Byen er òg årleg arrangør av ulike idrettsarrangement, mellom anna noregsmeisterskap i friidrett og Birkebeiner-arrangementa.
Bustad
Forsvaret har 34 bustader til disposisjon for tilsette tilknytte Lillehammer kommune. Det dreier seg om både einebustader og leilegheiter i burettslag som ligg i området rundt Lillehammer sentrum og på Fåberg, nær Jørstadmoen militærbase. Viss du vil vite meir om Forsvaret sine utleigebustader, ta kontakt med Forsvarsbygg på telefon 815 70 445.
Familiekoordinatorar
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.
Forsvarets kompetansesenter for kommando- og kontroll informasjonssystem:
Heidrun Lia Spidsberg, e-post:
hspidsberg@mil.no. Telefon: 61 10 31 17
FK-KKIS CIS TG:Charles Eirik McDonald Gerhardsen, e-post:
cgerhardsen@mil.no.
Telefon: 61 10 33 03