Hans Majestet Kongens Garde, Etterretningtenesta og Hærens krigsskule held alle til i Oslo.
Noregs hovudstad ligg omgjeven av flotte naturområde inst i Oslofjorden og har 590 000 innbyggjarar. Byen er både ein kommune og eit fylke og vart grunnlagt rundt år 1000. Som hovudstad i landet er byen eit naturleg knutepunkt for både nasjonale og internasjonale reiser, og plasseringa gir Oslo eigenskapar som ein normalt ikkje finn i ein hovudstad. Vil du vite meir om Oslo, sjå kommunen sine
nettsider.
Forsvaret i OsloForsvaret har lange tradisjonar i Oslo.
Hans Majestet Kongens Garde er eit velkjent innslag i bybiletet som Kongen sin eigen vaktstyrke.
Etterretningstenesta har hovudkvarteret sitt på Lutvann, og
Hærens krigsskule ligg på Linderud. Akershus festning blir i dag brukt av blant anna Forsvarsstaben, Forsvarets skulesenter, Forsvarsmuseet og Forsvarets mediesenter.
AktivitetstilbodOslo har eit vell av tilbod innan idrett, kultur og naturopplevingar. Vala er mange anten ein ønskjer kulturelt påfyll på teater og opera eller fysiske utfordringar i langrennsløypa eller i alpinpakken. Den som vil bade og sole seg, kan velje mellom utandørs badeanlegg som Frognerbadet og Tøyenbadet, eller ta ein ferjetur over til ei av øyane i Oslofjorden, der ein òg kan fiske. Nokre av dei beste idrettslaga og -arenaene i Noreg finst òg i Oslo.
BustaderForsvaret har ei mengd utleigebustader for tilsette tilknytte Oslo og Akershus. Likevel må mange må ut på den sivile leigemarknaden for å finne bustad Oslo. Viss du vil vite meir om utleigebustader i Oslo, ta kontakt med bustadkontoret i Oslo ved Nina Therese Semb på telefon 23 09 88 63 / 400 31 597 eller Caroline Linn Pedersen på telefon 23 09 88 68 / 489 93 738, eller kontakt
Forsvarsbygg på telefon 815 70 445.
Familienettverk
Ved fleire av Forsvaret sine tenestestader finst det frivillige familienettverk. I Oslo finner du Prinsesse Joséphines Gardiner. Nettverket ynskjer å fremstå som ein fristad der alle
kvinnene knytte til desse tenestestadene kan ”lade batteria” og treffe
jenter i same situasjon.
Les meir om dei her.
Familiekoordinatorar
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.
Forsvarsstaben/Sekretariatet:
Forsvarets perpsonelltjeneste:
INI Oslo:
Forsvarets musikk:
Forsvarsmuseet:
Forsvarets høgskole:
Fredrik H. A. Rossow, e-post: fharossow@mil.no. Telefon 23 09 57 21
HV-02:
FLO:
FLO Base Viken:
Etterretningstjenesten: