Porsanger jegerkompani er den nordlegaste hæravdelinga i verda.Porsanger kommune ligg midt i Finnmark og strekkjer seg frå vidde til hav. Med heile 4 873 kvadratkilometer er Porsanger den tredje største kommunen i landet målt i areal. Folketalet er omtrent 4 500, og rundt 3 000 av innbyggjarane er busette i kommunesenteret Lakselv. Vil du vite meir om Porsanger, sjå
kommunen sine nettsider.
Forsvaret i PorsangerForsvaret er i dag representert ved garnisonen i Porsanger på Porsangmoen og med redningshelikopterskvadronen ved Banak flyplass. Porsanger jegerkompani er den nordlegaste hæravdelinga i den nordlegaste garnisonen i verda. Kompaniet har både verva og profesjonelle soldatar i tillegg til soldatar i førstegongsteneste.
AktivitetstilbodPorsanger kommune har mykje å by på for den som vil utnytte fritida. Kommunen har flotte fiske- og friluftsmoglegheiter i tillegg til eit breitt spekter av ulike lag og samskipnader. Porsanger er rik på mektig natur som gjev gode høve for flotte opplevingar både sommar og vinter. På Porsangmoen er det mellom anna kino og symjehall. Komm
unen har òg den nordlegaste vinprodusenten i verda.
BustadForsvaret har fleire bustader i tilknyting til Porsangermoen leir og Banak flyplass. Viss du vil vite meir om bustad- eller kvarterleige, kontakt bustadkontoret ved Ørnulf Samuelsen på telefon 78 49 26 25 / 489 93 735, eller
Forsvarsbygg på telefon 815 70 445.
Familienettverk
Ved fleire av Forsvaret sine tenestestader finst det frivillige familienettverk. I Porsanger finner du Polarjentene. Det er ein samskipnad for alle kvinner knytt til garnisonen i
Porsanger, anten som kone, samboar, befal eller medflyttar.
Les meir om dei her.