Rena er Noregs nyaste militærleir, og rommar fleire av avdelingane til Hæren.
Rena ligg i Åmot kommune og er ein bygdeby med eit levande sentrum. Kommunen ligg i eit av Noregs mest vidstrekte skog- og fjellområde i den sørlege delen av Østerdalen og har 4 400 innbyggjarar. Sjølv om Rena ligg landleg til, er ikkje vegen lang til skikkeleg byliv. Med bil bruker du 25 minutt til Elverum, 50 minutt til Hamar og to timar til Oslo.
Viss du vil vite meir om Åmot, sjå
kommunen sine nettsider.
Forsvaret på RenaRena leir er Noregs nyaste militærleir. Han er topp moderne og rommar fleire av avdelingane til Hæren. Her finn du nestkommanderande for styrkane til Hæren og leiinga for Østerdalen garnison. Dei fleste av Hæren sine materielltunge avdelingar er lokaliserte på Rena, og her ligg òg Hærens befalskole, dei tekniske treningssentra til Hæren, Telemark bataljon og Hærens jegerkommando.
AktivitetstilbodFrå Rondane nasjonalpark i nordvest strekkjer Sør-Østerdalen seg mot store myrområde, fruktbart landbruksland, fjell og skogkledde åsar i aust. Dette gjer kommunen til eit ettertrakta område for naturopplevingar både sommar og vinter. Rena idrettspark ligg i leiren og inneheld idrettshall med moderne treningsrom og klatrevegg, symjehall, fotball- og friidrettsstadion, fotballbaner, tennisbaner, sandvolleyballbane, lysløyper og terrengløyper.
BustadForsvaret har fleire bustader i tilknyting til Rena leir. Viss du har spørsmål eller treng hjelp når det gjeld bustad- eller kvarterleige, kontakt bustadkontoret ved Inger Gåsvik på 62 40 21 64 / 992 22 164 eller
Forsvarsbygg på telefon 815 70 445.
Familienettverk
Ved fleire av Forsvaret sine tenestestader finst det frivillige familienettverk. På Rena finner du Hjemmebataljonen.
Nettverket er ein sosial arena der ektefellar, samboarar, kjærastar og partnarar av dei som jobbar i Østerdal garnison vil få høvet til å møte andre i
same situasjon og etablere eit sosialt nettverk for heile familien.
Les meir om dei her.
Familiekoordinatorar
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.
Telemark bataljon og regional kontakt:
Hærens befalsskole:
Forsvarets spesialkommando:
Henriette Melsom
FLO/Base Østerdalen: