Rygge

Illustrasjonsbilde - Rygge
 
Rygge flystasjon er ei av dei største avdelingane til Luftforsvaret.

Rygge kommune ligg i landlege omgjevnader i Østfold fylke. Kommunen har nokre av dei finaste kystområda i Oslofjorden. Les meir om Rygge på heimesida til kommunen.

Forsvaret på Rygge
Rygge flystasjon er ei av dei største avdelingane til Luftforsvaret. Flystasjonen ligg i kommunane Rygge og Råde. Meir enn 800 personar har det daglege virket sitt ved stasjonen, noko som gjer han til ein av dei største arbeidsplassane i regionen. Frå stasjonen opererer blant anna 720-skvadronen Bell 412SP-helikoptera sine og 717-skvadronen flya sine av typen DA-20 Jet Falcon. Ei eining frå 330-skvadronen flyg òg ut frå Rygge med Sea King redningshelikopter.

Aktivitetstilbod
Rygge kommune satsar på eit aktivt kultur- og fritidstilbod som skal gjere kommunen til ein attraktiv stad å bu på eller vitje. Eit hundretals lag og foreiningar bidreg til eit levande kulturliv med idrett, speidar, teater, kunst og musikk. Idrettsavdelinga på Rygge flystasjon arrangerer ballturneringer, badmintonturneringer, orienteringsløp, torsdagsjogg, symjing, skikonkurransar, skidagar, trimturar, klatring og militære konkurransar. Hos idrettsavdelinga kan du mellom anna få hjelp til å setje opp treningsprogram og låne utstyr.

Bustad
Forsvaret har fleire bustader i tilknyting til Rygge flystasjon. Mange som er tilknytte Rygge flystasjon, bur òg i Råde kommune og i Moss kommune.
Viss du har spørsmål eller treng hjelp når det gjeld bustad- eller kvarterleige, kontakt bustadkontoret på telefon 69 23 79 25 / 69 23 79 24 eller Forsvarsbygg på telefon 815 70 445.

Familienettverk
Ved fleire av Forsvaret sine tenestestader finst det frivillige familienettverk.
På Rygge finner du Ryggenettverket. Det er meint å vere ein sosial arena kor medflyttarar, ektefellar, samboarar, born og kjærastar av dei som jobbar ved, eller på annan måte har tilknyting til Rygge flystasjon, vil få høvet til å møte andre i same situasjon og etablere eit sosialt nettverk for heile familien. Les meir om dei her.

Familiekoordinatorar
For å kunne yte betre støtte til forsvarsfamiliane har Forsvaret opprette familiekoordinatorar på sine tenestestader.

Luftforsvaret/regional kontakt:
Lena Grantangen (fungerende fra 16.august), e-post: lgrantangen@mil.no.
 
137 Luftving:
Kjetil Føreid, e-post: kforeid@mil.no. Telefon: 69 23 73 27
 
Inger Lise Ertnes, e-post: iertnes@mil.no. Telefon: 69 23 71 63
 
Guro Krogstad, e-post: gukrogstad@mil.no. Telefon: 69 23 71 36
 
Stasjonsprest:
Tore H. Meberg Hansen, e-post: torehhansen@mil.no. Telefon: 69 23 70 52
 
HV-01:
Lars Inge Sørensen, e-post: lsorensen@mil.no. Telefon: 69 23 86 58
 
Administrativ foresatt avdeling:
Jon Leistad, e-post: jleistad@mil.no. Telefon 69 23 82 52