Samlivskurs

Illustrasjonsbilde - Samlivskurs
Forsvaret tek samliv på alvor, og tilbyr PREP kommunikasjonskurs for tilsette med samboar/ektefelle.  ​​​​
PREP er eit samlivskurs som særleg rettar seg inn mot kommunikasjon i parforholdet, og det som kan styrkja forholdet.
 
På eit PREP-kurs er det både humor og alvor. Det handlar om kjærleik, forventningar, glede, moro og venskapar, men aller mest om god kommunikasjon.
 
Målet med PREP er å hjelpe par til å ha større glede av forholdet sitt, lære å kjenne igjen kva slags konfliktar som kan skade forholdet og få nokre verktøy til å forbetre kommunikasjonen og til å løyse problem.
Verkar PREP?
Studiar viser at par som har gått på PREP-kurs har opp til 50 prosent større sannsyn for å bli i parforholdet og vere tilfreds med det enn par som ikkje har fått denne kunnskapen og treninga.
 
Eigeninnsats er avgjerande for å få utbytte av eit samlivskurs. Det blir sett av tid

Invester i parforholdet - delta på PREP-kurs!
til parvise oppgåver undervegs i programmet. For å skjerme privatliva til para er det ikkje lagt opp til gruppearbeid.
Litt om innhaldet:
  • Faresignal: Kommunikasjonssvikt verkar øydeleggjande på samliv. På kurset blir fire faresignal presentert. Kva bør ein gjere viss ein ser faresignal i eige tilhøve? Ved å bli kjent med øydeleggjande mønster i kommunikasjonen kan du hindre at dei får overtaket.
  • Tale-/lytteinstruksjon: Deltakarar på eit PREP-kurs trenar parvis på kommunikasjonsteknikk og ein problemløysingsmodell, der dei får tilbod om hjelp av ein instruktør. PREP gjev trening i å kommunisere på ein trygg måte, og handtere usemjer og konfliktar godt når temperaturen blir høy og tema vanskelege.
  • Nyt dei gode stundene: PREP handlar om å stimulere venskapen og gleda midt i den travle kvardagen. PREP hjelper par til å finne tilbake tilspenningen og gleda dei hadde då dei først vart saman, og bevisstgjer om viktige tema i samlivet.
Påmelding og kontakt
Kurs vil fortlaupande bli lyst ut på desse sidene. Der kjem det òg fram tidsfristar og korleis ein skal melde seg på.

Kommende kurs

PREP er et forebyggende kursopplegg som skal bidra til å styrke og bedre kommunikasjonen mellom samlivspartnere. Kurset er for ansatte i Forsvaret med ledsagere og arrangeres like ved Lillehammer 15. - 17. juni

Les mer om PREP-kurs i Lillehammer