Forsvaret si sikkerheitsavdeling

Illustrasjonsbilde - Forsvarets sikkerhetsavdeling
Forsvaret si sikkerheitsavdeling (FSA) ivaretar det overordna ansvaret for utøvingen av forebyggane sikkerheitsteneste i Forsvaret.
Base: Akershus festning, Oslo

Oppgåver: Forsvaret si sikkerheitsavdeling (FSA) ivaretar det overordna ansvaret for utøve av førebyggjande sikkerheitsteneste i Forsvaret. Sikkerhetsavdelingen skal sikre at verksemda til Forsvaret blir organisert, utført og revidert i samsvar med krav fastsett i og i medhold av Sikkerheitsloven.

Forsvaret må verne den operative evna si ved å sikre informasjon, eigen infrastruktur, eige materiell og personell. Forsvaret kan ikkje tillate at vital infrastruktur blir skadt, at vitalt materiell blir skadt eller steles, at vital eller viktig informasjon blir kompromittert, eller at personella til forsvaret ikkje er verna. Ikkje berre kan dette påverke den operative evna til Forsvaret, men det kan òg skade omdømmet til Forsvaret både i og utanfor Noreg.

Forsvaret si sikkerheitsavdeling skal halde oversyn over det tryggleiksmessige risikobildet som omgjev Forsvaret og norsk militær aktivitet både heime og ute, vere forsvarssjefen og underlagde sjefar sin rådgjevar innan førebyggjande tryggleik.

Avdelinga skal òg representere forsvarssjefen i samarbeidet med Politiet si sikkerheitstjeneste og Nasjonal sikkerheitsmyndighet i sikkerheitssaker og representere forsvarssjefen i nasjonale og internasjonale samarbeidsorgan innan sikkerheitsteneste.

Avdelinga er sentral klareringsmyndighet for personell i Forsvaret og utøver militær kontra-etterretning. Avdelinga er undergitt sjef Forsvarsstaben.