Forsvarssjefen med Forsvarsstaben er Forsvaret si etatsleding. Hovudoppgåva til Forsvarsstaben er å støtte forsvarssjefen som øvste sjef i Forsvaret.
Base: Akershus festning, Oslo
Oppgåver: Forsvarssjefen med Forsvarsstaben er Forsvaret si etatsleding. Hovudoppgåva til Forsvarsstaben er å støtte forsvarssjefen som øvste sjef i Forsvaret.
Kort sagt betyr dette å planleggje, styre og følgje opp heile Forsvaret si verksemd; styrkeproduksjonar, operasjonar og støtteverksemd.
Sjefen for Forsvarsstaben har på vegne av forsvarssjefen utøvande styresmakt for styringa av Forsvaret si verksemd. Han skal sørgje for at det blir gjeve heilskaplige oppdrag til underlagte sjefar, og at mål og resultat blir fylgt opp.
Forsvarsstaben har på vegne av forsvarssjefen ansvaret for å implementere og følgje planverk og budsjett frå Forsvarsdepartementet, og varetar det daglege arbeidsgjevaransvaret for personell i Forsvaret.
Forsvarsstaben er organisert og dimensjonert ut frå eit styrings- og gjennomføringsperspektiv. Staben består av eit sekretariat og fem avdelingar som kvar har ansvar for fagområdet sitt innan til dømes personell, operasjonar, organisasjon, økonomi- og styring og spesialoperasjonsavdelinga.
Forsvarets veterantjeneste er òg underlagt Forsvarsstaben. Forsvaret sin veteraninspektør er rådgjevaren til forsvarssjefen i veteransakar.