Forsvarets operative hovudkvarter

Illustrasjonsbilde - Forsvarets operative hovedkvarter

Forsvaret sitt operative hovudkvarter har ansvaret for å ivareta norske interesser gjennom planlegging og utføring av militære operasjonar. Dei samarbeider med sivile og andre militære. 

Avdelinga er bemanna døgnet rundt, og har overordna kommando og kontroll over militære aktivitetar i inn- og utland – som til dømes kystvakta, redningstenesta, flybevegelsar, grensevakta og Afghanistan.

Som ein del av Forsvaret er den grunnleggjande oppgåva å vere synleg tilstade for å markere Noreg si suverenitet og suverene rettar. Fleire av offiserane har lang erfaring i fellesoperative miljø frå stillingar i blant anna NATO og deltaking i internasjonale operasjonar som til dømes International Security Assistance Force (ISAF). 

Sjefen for Forsvaret sitt operative hovudkvarter (FOH) er den fremste rådgjevaren til forsvarssjefen innan operative spørsmål.