20220215MMQ_6806

Banak

Luftforsvarets base Banak i Lakselv opererer AW101 SAR Queen redningshelikopter. Dei utfører leite- og redningsoppdrag i Nord-Noreg og havområda utanfor.

Sted
Adresse
Stasjonsgruppe Banak, 9700 Lakselv
Kontakt
915 03 003

Basen ligg ved Lakselv i Porsanger kommune i Finnmark, halvanna mil nord for Porsangmoen leir. Luftforsvarets base Banak er ein del av 132 luftving og ei av avdelingane til redningstenesta ved 330 skvadron. Banak er òg base for norske og allierte flystyrkar i samband med øvingar og trening. Cyberforsvaret har ei mindre avdeling på Banak.

Basen fekk eit nytt hangarbygg i 2019, tilpassa Noregs nye søk- og redningshelikopter AW101. Redningshelikoptera ved basen dekkjer eit enormt område. Operasjonsområdet er Troms og Finnmark og Nordishavet. Dette omfattar også Svalbard, Bjørnøya, Jan Mayen og havområda rundt.

Aktivitetstilbod

Banak ligg i Lakselv som er administrasjonssenteret i Porsanger kommune i Troms og Finnmark fylke. Snaue to mil sørover ligg Garnisonen i Porsanger, som er hovudbasen til Finnmark landforsvar.

Porsanger kommune er den tredje største kommunen i landet målt i areal. Folketalet er omtrent 4000, og dei fleste bur i Lakselv. Kommunen og regionen har fantastiske mogelegheiter for friluftsliv og jakt året rundt. Her er det òg over 4000 innsjøar for fiske. Nordkapp ligg snaue tre timars køyretur unna, og finskegrensa ein god time unna.

Widerøe har daglege flygingar til Tromsø, og SAS flyr direkte til Oslo to gonger i veka.

Bustad og sosialt nettverk

Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon om Forsvarets utleigebustader i området. For meir informasjon om området, sjå nettstaden til Porsanger kommune.

Polarjentene er ein samskipnad for alle kvinner knytt til Garnisonen i Porsanger og Banak – anten som kone, sambuar, befal eller medflyttar. Polarjentene er ein gjeng som alle er i same situasjon og møtast jamleg. Kontakt oss gjerne på Facebook.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.