Kystjegere seiler i lettbåt utenfor Harstad under øvelse Cold Response 2020.

Harstad

Harstad er vertskommune for Kystjegerkommandoen, Forsvarets personell- og vernepliktssenter, og Hærens musikkorps.

Adresse
Trondenes fort, 9404 Harstad
Kontakt
915 03 003

Forsvaret har lang historie i Harstad, og vi har fleire avdelingar i byen. Sjøforsvarets kampeining Kystjegerkommandoen held til på Trondenes leir like utanfor sentrum. Leiren har også fleire støttefunksjonar knytt til Ramsund orlogsstasjon.

Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) er representert med Forsyningsseksjon Hålogaland på Trondenes og i Harstadbotn. Seksjonen leverer forsyningar og tenester til Forsvarets avdelingar på desse stadene.

Personell- og lønsavdelinga i Forsvarets personell- og vernepliktssenter har kontor inne i sentrum. Det same har Rekrutterings- og seleksjonssenter Nord-Norge.

Einingar frå Cyberforsvaret har òg kontor her, og Hærens musikkorps har basen sin i byen.

Aktivitetstilbod

Med nærare 25 000 innbyggarar er Harstad ein av dei mest folkerike byane i Troms og Finnmark. Byen har eit yrande kulturliv og arrangerer dei årlege Festspillene i Nord-Norge. Evenes lufthamn ligg rundt tre kvarters køyring frå byen, med daglege flygingar til Oslo og Tromsø, i tillegg til Stavanger, Bergen og fleire andre stader i Noreg.

Ved sida av midnattssol om sommaren og nordlys om vinteren har Harstad fantastiske høve for fiske og friluftsliv. Byen har òg eit aktivt idrettsmiljø med klubbar innan dei fleste sportsgreiner og på dei fleste nivå. Sjå Harstad kommune for meir informasjon.

Bustad

Forsvaret har 30 familiebustader for tilsette i Harstad. Dei fleste ligg rett utanfor leiren til Kystjegerkommandoen på Trondenes, og på Ila i Harstad sentrum. Bustadmassen fordeler seg på einebustader, vertikaldelte tomannsbustader og rekkjehus. Sjå Forsvarsbygg Basen for meir informasjon om utleigebustadene våre i Harstad.

Familiekoordinator

For å gi betre støtte til forsvarsfamiliane, er det familiekoordinatorar ved dei fleste tenestestadene til Forsvaret. Koordinatoren skal leggje til rette for familiesamlingar, møte og gi informasjon om kva avdelinga kan tilby familiane.

Kontakt basen eller avdelinga di for å komme i kontakt med familiekoordinatoren din.