Anskaffelser av nytt materiell

Illustrasjonsbilde - Anskaffelser av nytt materiell

Lov og forskrifter om offentlege innkjøp
Forsvaret er som andre offentlege etatar underlagt «lov om offentlige anskaffelser av 16. juli 1999» (LOA), med tilhøyrande «forskrift om offentlige anskaffelser» (FOA). Dei aller fleste av Forsvaret sine innkjøp blir gjennomførte etter regelverket for offentlege innkjøp. Ein del av innkjøpa til Forsvaret er med heimel i EØS-avtalen § 123 unntekne frå regelverket for offentlege innkjøp. Vidare er det også etter FOA § 1-3 heimel for å unnta ytterlegare innkjøp frå FOA. Desse unntaksinnkjøpa gjeld i hovudsak krigsmateriell og materiell som er uunnverlig for forsvarsformål, innkjøp som krev særskilte tryggingstiltak for å hindre spreiing av skjermingsverdig informasjon, eller som er hemmelege.

Innkjøpsregelverk for Forsvaret
Forsvaret har i tillegg til FOA/LOA sitt eige regelverk for innkjøp, nemleg «Anskaffelsesregelverk for Forsvaret» (ARF). ARF dekkjer Forsvarets behov der lov og forskrifter ikkje strekkjer til, til dømes innkjøp som ligg under den nasjonale terskelverdien, som er 500 000 kroner. Vidare går ARF meir detaljert inn på innkjøpsfaglege forhold som kontraktsvilkår, kontraktstypar og kvalitetssikring enn det forskrifta gjer. Regelverket verkar utfyllande for innkjøp som er regulerte av LOA/FOA, og det gjeld for alle forsvarsinnkjøp. Hovudprinsippa i ARF er i samsvar med FOA/LOA og føreset at innkjøpa baserer seg på prinsippet om konkurranse, likebehandling av leverandørar og kva som er til beste for Forsvaret. ARF har status som interne retningslinjer, og misnøgde leverandør har derfor ikkje klagerett tilsvarande det som gjeld for innkjøp etter lov og forskrifter for offentlege innkjøp, men må nytte ordinære rettsmiddel ved ein eventuell klageprosess.

Kunngjeringar
For å oppnå god konkurranse og likebehandling mellom leverandørane blir innkjøp kunngjorde offentleg så langt det er mogleg.

Innkjøp under 500 000 kroner blir som hovudregel kunngjorde på Database for offentlege innkjøp (Doffin) som ei frivillig kunngjering, for å nå ut til flest mogleg leverandørar. Dette beløpet er kjent som den nasjonale terskelverdien. I andre tilfelle blir det sendt ein førespurnad direkte til tre eller fleire tilbydarar for å følgje konkurranseprinsippet.

Offentlege innkjøp som fell inn under LOA/FOA, og som overstig den nasjonale terskelverdien, blir kunngjorde under Offentlege kunngjeringar på Forsvarets internettside og på Doffin.

Offentlege innkjøp som overstig 1 000 000 kroner eksklusiv meirverdiavgift (EØS-terskelverdien), blir i tillegg kunngjorde i EUs database for offentlege innkjøp – Tenders Electronic Daily (TED).

Unntaksinnkjøp (innkjøp etter ARF) som overstig 1 000 000 euro, blir kunngjorde på Forsvarsnett og i EUs database for forsvarsinnkjøp – European Business Bulletin (EBB).

Unntaksinnkjøp (innkjøp etter ARF) som ikkje overstig 1 000 000 euro, blir kunngjorde under Offentlege kunngjeringar på Forsvarets internettside.

Hemmelege innkjøp blir vanlegvis ikkje kunngjorde.


Industrisamarbeid
Når Forsvaret gjer innkjøp for meir enn 50 millionar kroner, krev det inngåing av industrisamarbeidsavtalar eller gjenkjøpsavtalar.

Regelverk for inngåing og gjennomføring av industrielle samarbeidsavtalar i samband med Forsvarets innkjøp frå utanlandske leverandørar finst på nettstaden til Forsvarsdepartementet.



Roller

Forsvarsdepartement (FD)
  • Framforhandle gjenkjøpsavtaler
  • Overordna ansvar for oppfølging av avtalane gjennom levetida deira
  • Førehandsgodkjenne individuelle industrisamarbeidsaktivitetar

Forsvarets forskningsinstitutt (FFI), Group for Industrial Strategy

  • Rådgivande og støttande rolle i implementeringa av industristrategi
  • Rådgivande og støttande rolle relatert til gjenkjøpsavtalar

Forsvarets logistikkorganisasjon / Investeringsstab 


  • Ansvarleg for oppfølging av gjenkjøpsavtalane etter at dei er blitt signerte
  • Evaluere krav som er fremja gjennom årlege rapportar frå ICA-bedriftene (bedrifter Forsvaret har gjenkjøpsavtalar med)
  • Rådgivande og støttande rolle relatert til gjenkjøpsavtalar



Kontakt Britt Laila Steinkjer eller Knuth Herrefoss  for meir informasjon eller for å få tilsendt oversikt over avtalane.