Kva, kvifor og korleis?
Forsvaret har som mål å samkøyre forsvarsgreinene med omsyn til materiellforvaltning, både når det gjeld innkjøp og avhending av materiell. Formålet med dette er å ha god oversikt i materiellrekneskapen, som skal samsvare med lagerbehaldninga. Dette gjer også at ein får ei meir effektiv utnytting av Forsvaret sitt materiell ved overføring av materiell mellom forsvarsgreinene etter behov.
Kva slags typar materiell?
- Hovudutstyr: fartøy, fly og liknande – med eller utan forsyningsopplegg
- Individregistrerte hovudgjenstandar: våpen, køyretøy osv.
-
Hovudgjenstandar utan individregistrering: KOP-artiklar og mengdemateriell, inkl. PBU (personellpåkledning og utstyr)
- Forsyningsopplegg med komponentar og reservedelar
- Lagerbygningar med mengdemateriell som er bestemt utfasa
- Anna materiell, til dømes kassunar, containerar, pakkeutstyr, fortifikasjonselement og liknande
- Ekstraordinære oppdrag vedrørande materiell som ikkje er nemnt her, kan førekome.
Kva blir gjort med materiellet?
Forsvarets avhendingsprosjekt (FAP) er saksbehandlande og gjennomførande instans for all avhending av overskotsmateriell i Forsvaret. Avhendinga kan skje på fleire ulike måtar:
Sal
- Auksjonar, som primært skjer på Hovemoen ved Lillehammer og gir høve for privatpersonar til å kjøpe ugradert forsvarsmateriell av ulike typar
- Partisal, sal av materiell gjennom offentleg utlysing nasjonalt og internasjonalt
- Direktesal, som kan skje dersom det berre er få partar som kan ha interesse av materiellet, dersom det er behov for å bli kvitt materiellet med ein gong, og dersom materiellet har liten verdi. I så tilfelle blir materiellet ikkje utlyst for sal. Salet blir forhandla direkte mellom FAP og kjøparen, med godkjenning frå FD for kvar enkelt sak.
Auksjonar
Auksjonslister blir lagde ut på marknadsplassen Norsk Megling & Auksjon ei til to veker før auksjonen startar.
Internettauksjonar gjennomførast jamleg på Retrade, her vil du finne objekt som Forsvaret har for sal. http://retrade.no
Eksportkontroll inneber at visse varer ikkje kan utførast utan lisens. Også levering av visse typar teknologi og tenesteytingar til utlandet krev løyve.
Eksportkontrollen, som blir gjennomført av Utanriksdepartementet, gjeld strategiske varer som militært materiell og enkelte sivile varer av militær verdi. Les meir om
eksportkontroll på nettsidene til Utanriksdepartementet.
Destruksjon
- Øydelegging av ubrukeleg materiell som ikkje kan seljast