P-3 Orion

Illustrasjonsbilde - P-3 Orion

P-3C Orion er eit langtrekkjande maritimt patruljefly som kan utstyrast med mellom anna torpedoar.

Dei primære rollene til Orion i krise/krig er anti-ubåtkrigføring (Anti Submarine Warfare – ASW) og anti-overflatekrigføring (ASuW). I fredstid blir flyet hovudsakleg operert innanfor etterretning og overvaking. Vidare er det ein viktig bidragsytar til suverenitetshevding av norske farvatn, særleg i nordområda. Flya er fulle av høgelektronisk utstyr, med kapasitet til å samle inn taktiske, tekniske, elektroniske og akustiske data.

Lengd:   35,6 meter
Høgd:    10,5 meterMotorar:    4 x Allison T56-A-14 Turboprop Engines
Skyvekraft:    18 400 SHP fordelt på 4 motorar à 4600 SHP
Vengespenn:    10,4 meter
Maksimal fart:    405 knop
Maksimal høgd:    normalt 28 000 ft – med oksygenmaske, over 30 000 ft
Maks. «take off»-vekt:    135 000 lbs
Rekkjevidd:    ca. 8000 kmMaksimal flytid:    inntil 14 timar
Våpen:    Torpedoar   
                 Søkkeminer   
                 MK 82 bomber   
                 SKAD (Survival Kit Air Dropable)   
                 2 stk. redningsflåtar