Sea King-helikopteret er Forsvarets redningshelikopter.
Sideinnhold
Sea King er godt utstyrt og rusta til å utføre oppgåvene som redningshelikopter. Flyet har lang rekkjevidd. Sea King-maskinen har to radarar og er utstyrt med radioar og radiopeileutstyr for alle frekvensar. I eit søk blir det også brukt søkjelys, infraraudt (varmesøkjande) kamera og nattbriller (NVG). Ein ressurs som mange kanskje gløymer, er dei menneskelege søkjeressursane: Sea King har seks par auge om bord – det mest nyttige verktøyet for å finne personar i nødssituasjonar.
Funksjon: 2-motors allvêrshelikopter for søk og redning
Lengd: 22 meter
Høgd: 5 meter
Produsent: Westland Helicopters på lisens frå Sikorsky
Motor: 2 stk. Rolls Royce Gnome H1400-1
Effekt (HK): 2 x 1660 ved 100 % tq
Hovudrotor: 5 blads hovudrotor i kompositt
Marsjfart: 100 knop
Maksimal fart: 130 knop
Maksimal flyhøgd: 10 000 fot
Maks. «take off»-vekt: 9715 kg
Underhengande lastekapasitet: 2725 kg
Maksimal flytid: 5 timar
Aksjonsradius: 220 n mil / 407 km, inkludert 30 minutt i hover
Kapasitet: 18 passasjerar eller 6 bårer
Heisekapasitet: 275 kilo
Heiselengd: ca. 80 meter
Besetning: 2 pilotar
maskinist
systemoperatør
redningsmann
anestesilege
Operativ i Noreg: første gong i 1973
.jpg)