Helse, miljø og tryggleik i Forsvaret

Tryggleik handlar like mykje om at dei tilsette hos oss har etisk rette haldningar, som at utstyret er feilfritt og rutinane gode.

Forsvaret skal tilby eit godt arbeidsmiljø som gir ein meiningsfylt og trygg arbeidssituasjon. Forsvaret skal også førebyggje fysiske og psykiske skadeverknader av krevjande arbeidsoppdrag ved hjelp av eit moderne velferdstilbod.

Store delar av verksemda i Forsvaret består av å sikre vitale samfunnsoppgåver der tryggleik er viktig. Derfor er rusfritt arbeidsmiljø, solid kompetanse, gode rutinar og etisk rette haldningar viktige for å utføre Forsvarets arbeid i inn- og utland på ein forsvarleg måte.

Forsvaret skal bidra til eit inkluderande arbeidsliv med trygge tilsetjingsforhold og likebehandling. Etaten skal òg leggje til rette for tilpassingar i arbeidsforholdet knytte til føresetnadene og livssituasjonen til den enkelte.

heimesidene til Arbeidstilsynet finn du meir informasjon om helse, miljø og tryggleik.