Å dyrke fram gode haldningar og etisk medvit er eit satsingsområde i Forsvaret.
Sideinnhold
Dei 20 000 medarbeidarane i Forsvaret møter etiske utfordringar og dilemma kvar dag: i militære operasjonar, under rednings- og tryggingsarbeid, på øvingar eller på kontoret i det daglege arbeidet. Å dyrke fram gode haldningar og etisk medvit er derfor eit satsingsområde i handlingsplanen for haldningar, etikk og leiing frå 2006.
Forsvaret har særeigne forpliktingar overfor nasjonen Noreg. Vi skal forsvare tryggleik, interesser og verdiar for landet. Avgjerda om å bruke militærmakt ber i seg sjølv eit grunnleggjande dilemma: I yttarste konsekvens risikerer vi å måtte ta liv for å verne liv. Dette stiller krav til vurderingsevna til mannskapa i nasjonale og internasjonale operasjonar. I utdanninga blir det lagt særleg vekt på kulturforståing, normer for åtferd og folkeretten under krig.
På vegner av samfunnet forvaltar Forsvaret også store materielle, menneskelege og økonomiske ressursar. Samfunnet må ha tillit til at desse ressursane blir brukte til beste for fellesskapen. Vi tek dermed avgjerder som påverkar enkeltmenneske, verksemder og landet som heilskap. Dette stiller store krav til haldningar og fagleg integritet hos den enkelte medarbeidaren.
Leiarane for Forsvaret har eit ekstra stort ansvar. Dei skal framstå som førebilete og vise god leiarskap, gode haldningar og respekt. Leiarane har eit særleg ansvar for dei haldningane og verdiane dei formidlar til dei 9000 vernepliktige som er inne til førstegongsteneste.