Sideinnhold
Forsvaret pliktar å etterkome dei nasjonale miljøkrava som til ei kvar tid er fastsette i lover og forskrifter. Hovudoppgåvene for miljøverntenesta i Forsvaret er
• å etterleve miljøkrav
• å førebyggje miljøproblem
• å rydde opp i gamle miljøproblem
• å yte miljøbistand til det sivile samfunnet
Sjefar på alle nivå i Forsvaret skal leggje forholda til rette for at prinsippa blir forstått av alt personell, og at dei blir følgde opp i planlegging og praktiske tiltak. Slike tiltak har som mål å redusere utslepp av helse- og miljøskadelege stoff. Det blir mellom anna gjort ved å redusere innkjøp og bruk av farlege kjemikaliar, redusere operasjonar eller prosessar som produserer miljøgifter, og avhending av materiell og kjemikaliar på ein miljømessig forsvarleg måte. Tiltaka skal òg sikre at verksemda til Forsvaret ikkje skader grunnlaget for biologisk mangfald, og det skal sikre verneverdige område.
Forsvaret gjer kvart år greie for miljøarbeidet sitt. Forsvarets miljøstyringssystem er basert på NS-EN ISO 14001, den internasjonale standarden for miljøleiing.
Ved deltaking i operasjonar i utlandet skal Forsvaret som hovudregel rette seg etter heimlege lover, reglar og føresegner som gjeld miljøvern. I mange samanhengar byr det på store vanskar, ikkje minst på grunn av lite utbygd infrastruktur i dei områda Forsvaret opererer i. Dette gjeld særleg avfallshandtering, kjeldesortering, handtering av olje og drivstoff og vern av natur- og kulturminne. I dag har Forsvaret ein heiltids miljøvernoffiser knytt til det norske styrkebidraget i Afghanistan.
I samband med dei større øvingane til Forsvaret, til dømes den årlege vinterøvinga Cold Response, blir det på førehand gjennomført ei utgreiing om miljøkonsekvensar. Der blir det gjort greie for sårbar flora og fauna i øvingsområdet, støysensitive miljø, til dømes i samband med landbruk, og sensitiv infrastruktur som barnehagar, kyrkjer og asylmottak.
Under sjølve øvinga blir det etablert ei eiga gruppe av miljøvernoffiserar som fortløpande behandlar miljøskadar og utslepp som oppstår under øvinga, og som gir råd og informasjon om miljøvern til dei ulike avdelingane som er med på øvinga.