Mangfald i religiøs og kulturell tilhøyrsel blir sett på som ein styrke for Forsvaret.
Sideinnhold
Fri religionsutøving er sjølvsagt og er ein respektert del av livet i organisasjonen. Når det gjeld heilagdagar, er tenesta vanlegvis tilpassa offisielle norske høgtids- og heilagdagar. Den som har ein annan religiøs bakgrunn, har høve til å få like mange fridagar som det den kristne kalenderen tilseier. Lokale tenesteforhold, øvingar og krig kan føre til at permisjonar fell bort.
Forsvaret tillèt medlemmer av religiøse trussamfunn å bere religiøse symbol så lenge dei ikkje bryt med uniformsreglementet. Symbola må vere avgjerande for at beraren skal kunne identifisere seg med trua si. Det er sett i gang et utgreiingsarbeid for å konkretisere kva for symbol som det skal vere lov å bere saman med uniform, og utforminga av dei.
Ulike religiøse bakgrunnar inneber som regel ulike mattradisjonar. Kjøkkensjefane ved alle avdelingar i Forsvaret skal servere alternativ kost, til dømes halal- eller vegetarmat, i tilfelle der hovudmenyen bryt med overtydinga til enkeltindivid i personellet. Alternativ kost skal òg serverast under øvingar og internasjonale operasjonar.