Forsikring ved internasjonale operasjonar

Illustrasjonsbilde - Forsikring ved internasjonale operasjonar
​Personell som gjer teneste i internasjonale operasjonar, er dekte av folketrygda, som blant anna gjev erstatning ved yrkesskadar og uførleik.

​Alt personell som skal gjere teneste i internasjonale operasjonar, får utfyllande informasjon om erstatnings- og forsikringsordningar som gjeld i tenesteperioden, før dei reiser ut.  

Militært personell som deltek i internasjonale operasjonar, er dekte når det gjeld alle skadar og sjukdommar som er påførte eller oppstådde under opphald i utlandet. Erstatning frå folketrygda blir handsama av NAV (ekstern lenkje).

Forsikring også frå Forsvaret

I tillegg til folketrygda kjem Forsvaret si forsikring som arbeidsgjevar etter yrkesskadeforsikringslova og etter avtalar som er inngådde mellom Forsvarsdepartementet og arbeidstakarorganisasjonane. Erstatning etter desse ordningane blir handsama av Statens pensjonskasse (ekstern lenkje).

Ordningane i folketrygda og etter yrkesskadeforsikringslova er på nærare bestemte område utvida for personell som gjer teneste i internasjonale operasjonar, samstundes som dei inngådde avtalane gjev personellet ein utvida dekningsgrad i høve til tilsvarande ordningar i Noreg.

Nokre nyttige lenkjer som fortel meir om forsikring ved internasjonale operasjonar: