Reglar
Det finst reglar for sending av post. Nokre er generelle, medan andre er meir spesifikke for landet.
Som hovudregel skal ein ikkje skrive personens grad eller funksjon på sendingane, med mindre anna er oppgjeve.
Afghanistan
Feltpostnummeret oppgjev den einskilde soldaten til eigne pårørande. Det er òg å finne i brev frå Forsvaret til pårørande. Ikkje skriv graden, funksjonen, tenestestaden eller avdelinga til soldaten på konvolutten. Har du vanskar med å finne rett feltpostnummer, kan du ringje 800 89 520.
Brev- og pakkepost
Brev- og pakkepostpostsendingar mellom Noreg og ISAF-styrken blir frankerte etter same portotakstar som innan Noreg.
Det er ikkje tillate å sende alkohol eller tobakk i sendingar til eller frå Afghanistan. Elles gjeld vanlege reglar for inn- og utførsle til og frå Noreg og for frakt av farleg gods med fly.
Toll og avgifter
Postsendingar til og frå ISAF-styrken som kan innehalde toll- og/eller avgiftspliktige varer, blir kontrollerte av Tollvesenet i Noreg. For alle sendingar som inneheld meir enn vanlege brev, skal naudsynte tollpapir fyllast ut nøyaktig og detaljert for å unngå forseinkingar.
Naudsynte tollblankettar får ein på postkontoret ved innlevering.
Innpakning
Det er svært viktig å bruke solid innpakning på brev og pakkar til og frå ISAF-styrkane, sidan det er lang framsendingsveg med fleire omlastningar.
Kosovo
Du skal ikkje skrive graden eller funksjonen til adressaten.
Adressa er den same uavhengig av kvar ein tenestegjer, og kva avdeling ein tilhøyrer. Det er viktig at avsendaren skriv adressa korrekt. All post må påførast avsendar.
Det er restrikasjonar på storleik og vekt på pakkar og brev. All post må frankerast og sendast som brev, sidan det ikkje er kapasitet til å hente pakkar med hentelappar. Ein kan heller ikkje sende rekommanderte brev. Alle sendingar er underlagde vanlege avgrensingar for sending av farleg gods med fly.
Andre spørsmål?
Viss du har andre spørsmål om postsendingar til soldatar i utanlandsteneste, ta kontakt med det lokale kontoret til Administrativ foresatt avdeling (800 89 520), eller ta kontakt med
Posten. Viss du har spørsmål om tollreglar, ta kontakt med
Tollvesenet.