Av: Simon Solheim, Forsvarets mediesenterDraumen om å fly jagarfly er felles for dei alle. Den kan bli verkeleg, men først må dei komme gjennom seks månader med seleksjonsflyging på flyskulen i Bardufoss.- Sjå video heilt neders i artikkelen
Då Argiri Johannes Argiriades (21) tråkka sine barnesko i ein liten landsby i Hellas, flaug det jagarfly over hovudet hans kvar einaste dag. Sidan den gongen har han hatt ein draum om å fly i over 2000 kilometer i timen.
I august 2011 møtte Argiri og fjorten andre opp på Luftforsvarets flygeskole i Bardufoss. Mykje har skjedd på kort tid. Det har gått to månader sidan dei kom hit til flygeskulen.
Læringskurva er bratt. Aspirantane veit at dei må jobbe hardt dersom dei skal få vere med vidare. Til no har seks kandidatar blitt sende ut av skulen. Dei er berre ni igjen.
– Alt handlar om motivasjon her. Vi klarar ikkje dette visst vi ikkje er fast bestemt på at det er pilotar vi skal bli, seier 21-åringen.

TØRRTRENING: Argiri Johannes Argiriades (21) øver seg på prosedyrar i flyhangaren ved Luftforsvarets flygeskole i Bardufoss. Foto: Simon Solheim
Frå Hellas til NorgeArgiri budde i den vesle landsbyen Kallithea på vestkysten av Hellas fram til han var elleve år gamal. Då flytta han og familien til Trondheim.
– Eg gjekk befalsskulen for Hæren før eg søkte flyskulen. Det er nyttig å ha litt erfaring frå militæret før ein tek til på ei såpass krevjande utdanning, seier Argiri.
Han kjøpte flyspel til datamaskina si då han gjekk på vidaregåande. Det gjorde han for å vere mest mogleg budd før han søkte flyskulen. Han slapp gjennom nålauget blant fleire hundre andre søkjarar.
– Det er svært nyttig å ha litt innsikt i det å fly før ein søkjer. Den beste eleven på skulen i fjor hadde flydd mykje seglfly før han kom hit.
Den store draumen er å få setje seg bak spakane på eit F16 i første omgang, og deretter i eit splitter nytt F35.
– Men det er sjølvsagt ingen nedtur dersom eg i staden får tildelt andre fly eller helikopter. Det er heller ikkje sikkert at eg får bli pilot i Forsvaret i det heile, seier Argiri.

KLAR FOR LUFTA: Argiri Johannes kontrollerer flyet før han skal i lufta med ein av flyskulens instruktørar. Foto: Simon Solheim
Ingen supermennDet er ein lang veg å gå før aspirantane får sitte bak spakane i eit av Luftforsvarets fly eller helikopter.
Før det eventuelt skjer blir dei testa i eit lite einmotors propellfly av typen Saab Safari. I eit halvt år skal dei lære seg grunnleggjande flyteori i tillegg til at dei blir testa i lufta. Dei må kunne alle flyprosedyrar i hovudet – eit fleire hundre sider tjukt hefte på engelsk. Klarer dei ikkje å svare på spørsmål når dei blir testa, er konsekvensen at dei ikkje får fly den dagen. Ingen av aspirantane veit om dei får bli pilotar før nyttår nærmar seg. Presset er stort.
Før dei ni kandidatane vart tekne opp på flyskulen måtte dei gjennom ei rekkje prøver og testar; både fysiske, psykiske, praktiske og teoretiske testar. Flyaspirant Kim-Rayner Fagerstrand Monsen, har heile livet hatt ein draum om å bli pilot, og har jobba hardt for å komme dit han er i dag. Han fortel at ein ikkje treng å vere ein supermann for å bli pilot.
– Vi som er på skulen no er ein veldig blanda gjeng. Enkelte har dårlege karakterar frå skulen og andre har veldig gode karakterar. Det vi har til felles er motivasjon og vilje. Det er dette vi har lyst til. Vi er normalt sunne, oppegåande og friske ungdommar – og ingen supermenn, seier Monsen.
Eit fåtal som får tilbod om F16-jobbSjef for Luftforsvarets flygeskole, major Erling Flobak, seier det som regel berre er halvparten som består dette halvåret på skulesenteret i Bardufoss.
– Vi skal sjå om aspirantane eigner seg som pilotar. Erfaringsmessig er det mange som ryker under seleksjonen her. Det er eit tungt program dei skal gjennom og dei må ha evne til å ta til seg mykje kunnskap på kort tid. Vi vil vere heilt trygge på at dei som kjem gjennom nålauget vil klare pilotutdanninga som er i USA, seier Flobak.
Vegen vidare. Til nyttår skal dei som er med vidare på grunnleggjande befalskurs. Deretter skal dei på Krigsskulen i eitt år før sjølve pilotutdanninga i USA startar. Etter Krigsskulen får kandidatane vite kva flytype dei får tildelt.
– Det er eit fåtal som får tilbod om å fly jagarfly. Vi plukkar ut flytype etter kva personlege eigenskapar og ferdigheiter elevane har. Vi vil ikkje ha ein som tek for store sjansar opp i eit F16-fly. Det er heller ikkje alle som får tilbod om å bli pilot, men i staden navigatørutdanning, seier skulesjef Erling Flobak.
Luftforsvarets flygeskole har søknadsfrist 1. desember.
Les meir om opptaket og vegen til pilotyrket her.Sjå video med råd og tips frå flyaspirantane: