Harald (31) har god utsikt frå kontoret

Illustrasjonsbilde - Hercules-piloten
– Eg har ein fantastisk kjekk jobb, seier Harald Grindheim (31), som flyr Hercules i 335-skvadronen.

Grindheim kom inn på Luftforsvarets flygeskole då han var 18 år gamal. Han seier han jobba hardt og at han gjorde sitt beste for å kome gjennom nålauget. Det lykkast han med.

  • Sjå videointervju av Harald Grindheim heilt nederst i artikkelen

Dei fleste som vil bli pilotar i Forsvaret har ein draum om å fly jagarfly, men for Grindheim var det likegyldig kva fly- eller helikoptertype han fekk tildelt. Målet var å kome gjennom opptaket og seleksjonsflyginga i Bardufoss. Han ville bli pilot i Forsvaret, uansett kva.

– Eg hadde berre lyst til å fly, seier Grindheim.

Variert jobb

31-åringen fortel om ein spennande kvardag. I gjennomsnitt er han i lufte tre-fire gonger i veka.

 Eg har ein veldig variert jobb. Vi øver ein god del saman med andre avdelingar; til dømes å droppe fallskjermjegarar og spesialsoldatar frå flyet. I tillegg er vi trente til å droppe materiell også, seier Grindheim og legg til:

Vi har også beredskap for ambulanseflyging for det sivile samfunnet. Vi står også på katastrofeberedskap dersom det skulle skje eit ras, ein brann eller ei naturkatastrofe. Vi er klare til å rykkje ut med personell og materiell.

Stort pluss med lønn under utdanning

Vi har veldig spesielle operasjonar i Luftforsvaret. Det er noko anna enn å vere pilot i det sivile der ein flyr frå A til B. Det har pilotyrket i det militære er såpass varier, freista veldig.

- Det er også eit stort pluss at ein får ei gratis utdanning med lønn. Eg har også ein trygg og sikker jobb, seier Grindheim.

Sjå video med Harald Grindheim:

Last ned video: MP4, WebM, Ogg
HTML5 Video Player by VideoJS