Spørsmål og svar Sidebilde For deg som er interessert i utdanning i Forsvaret, er det nok mykje du lurer på. Her får du svar på dei vanlegaste spørsmåla. Sideinnhold LeiarutdanningKorleis søkjer eg befalsskuleutdanning?Du kan søkje på befalsskulane våre gjennom søkjeportalen..Kan eg søkje leiarutdanning i Forsvaret dersom eg ikkje har fullført førstegongstenesta?Ja. Du må ikkje ha fullført førstegongsteneste for å søkje utdanning i Forsvaret..Kva for ei linje er best å gå på vidaregåande om eg ønskjer å ta ei befalsutdanning i Forsvaret? Du bør ha generell studiekompetanse / studiespesialisering eller relevant fagbrev. Nokre ingeniørutdanningar krev at du har fordjuping i realfag (Fysikk F1 og Matematikk R1/R2). Sjå krava for dei enkelte utdanningane her. .Kan eg søkje befalsutdanning sjølv om eg ikkje har generell studiekompetanse? Ja, men det er ønskeleg at du har generell studiekompetanse fordi det aukar sjansane dine for å bli kalla inn til opptak. Dette gjeld utskrevet befalskurs (UB), Hærens befalsskole og operative linjer på Luftforsvarets befalsskole. Andre utdanningar har krav til studiekompetanse eller fagbrev. .Kva er opptakskrava til befalsskulen?Opptakskrava til befalsskulen finn du her. .Eg ønskjer å søkje befalsutdanning, men hadde for dårleg resultat på teoriprøva på sesjon del 2. Kva kan eg gjere? Kravet for å søkje leiarutdanning i Forsvaret er karakter 5. Sjølv om du hadde for dårleg resultat på sesjon del 2, anbefaler vi at du søkjer likevel dersom du verkeleg har lyst til å ta ei leiarutdanning. Alle søknadar blir individuelt behandla, og det kan hende din kompetanse er viktig for Forsvaret likevel. .Kor gode karakterar frå vidaregåande må eg ha for å søkje leiarutdanning i Forsvaret? Det er ingen spesifikke karakterkrav for å ta leiarutdanning i Forsvaret. Vi vurderer også søkjarane etter resultat frå sesjon del 2. Karaktersnittet avheng av nivået på dei andre som konkurrerer om plassane. .Når er oppmøte til befalsskulane? Oppstart er i løpet av seinsommaren eller i løpet av tidleg haust. Datoen varierer frå skule til skule, og blir lagt ut på nettsidane våre. .Eg ønskjer å ta pliktåret mitt i ei bestemt avdeling / på ein bestemt plass. Kan eg bestemme dette?Nei. Du kan ikke selv bestemme hvor du skal, men du kan søke deg til de aktuelle avdelingene/stedene som utdanningen har tilbud om. Forsvarets behov og intern konkurranse under utdanningen vil avgjøre om vi kan innvilge dine ønsker. .Kan eg avslutte i midten av ei leiarutdanning i Forsvaret? Ja, men sjølv om du hoppar av, må du framleis avtene ein pliktperiode lik perioden du har fått utdanning av Forsvaret. . LærlingEg har tatt yrkesfagleg utdanning. Kan eg søkje læreplass i Forsvaret? Ei oversikt over lærefag du kan ta i Forsvaret finn du her. .Eg ønskjer å ta prosjekt til fordjuping i Forsvaret. Korleis skal eg gå fram? Ta kontakt med faglæraren din; han/ho skal hjelpe deg med å sende inn søknad. Kontakt oss på telefonnummer 03003 (innval 2), så hjelper vi deg å nå riktig kontaktperson i området ditt. . DiverseKan eg ta opp fag frå vidaregåande medan eg er inne til teneste i Forsvaret? Ja. Du kan ta opp fag frå vidaregåande gjennom Forsvarets kompetanse- og utdanningssenter (Fokus). Sjå moglegheitene her. .Eg har eit helseproblem / dårleg syn / eit vondt kne etc., korleis vil dette verke inn på om eg kjem inn i Forsvaret eller ikkje? Om helsa di vil påverke moglegheitene dine, blir vurdert på sesjon del 1 og sesjon del 2. Ein militær lege vurderer nyleg oppståtte problem på oppmøte. .Korleis kan eg sjekke om Forsvaret har teke imot søknaden min?Ta kontakt med Forsvaret på telefonnummer 03003 (innval 1), eller på e-post vpv.kontakt@mil.no. Om du vil gjere om på søknaden, bør du sende e-post. .Eg skal søkje utdanning i Forsvaret, men har ennå ikkje blitt kalla inn til sesjon del 2. Kva skal eg gjere? Du trenger ikke å ha vært på sesjon for å søke utdanning i Forsvaret. Før opptaket til din utdanning, vil du bli innkalt til sesjon del 2. . Fann du ikkje svar på spørsmålet ditt? Kontakt Forsvarets responssenter på telefonnummer 03003 (innval 2).