Bli med på piratjakt i Adenbukta

Bli med på piratjakt i Adenbukta

Bli med pilotar og mannskap frå Norge på tokt i Det indiske hav. Dei er på jakt etter piratar i verdas farlegaste havområde.

Av: Simon Solheim, Forsvarets mediesenter

- Havområdet er enormt; sikkert på størrelse med Europa. Vi er ganske avhengige av radarsystemet for å finne piratane og dei små båtane dei brukar, seier Anders Bredal Berge som er Orion-pilot.

  • Sjå video heilt nederst i artikkelen

Flyr tur-retur Norge-Roma på kvart tokt

Operasjonen som Norge deltek i heiter Ocean Shield og er ein operasjon som er leia av NATO. I tillegg er også FN og amerikanske styrkar representert i Adenbukta og i Det indiske hav.

Bredal Berge og dei andre offiserane og soldatane som deltek i operasjonen skal både drive overflatesøk og etteretningsinnsamling. I tillegg til å søkje etter piratar, skal Orion-flyet også registrere aktivitet i piratleirane langs kysten av Somalia.

Det norske bidraget består av totalt 44 menn og kvinner. Under kvart einaste tokt flyr det norske Orion-flyet 2700 nautiske mil, noko som tilsvarer tur-retur Oslo-Roma.

Pilotyrket er ein eigen livvstil

Norge har totalt seks P-3 Orion-fly som har som hovudoppgåve å drive overvaking frå lufta. Flyet har ei toppfart på nærare 740 kilometer i timen, og kan vere i lufta i om lag 15 timar utan mellomlanding.

Om bord er det eit mannskap på åtte personar - det er to flygarar, ein maskinist, taktisk koordinator, navigatør, radaroperatør, kameraoperatør og våpensystemoperatør.

Pilot Bjørn Ola Kveli er ein av dei som har reist frå hovudbasen på Anøya til den mellombelse basen på Seychellene.

– Det er ein god følelse å kunne bidra til å gjere ein forskjell. Med sakn til dei heime blir det krevjande dagar, innrømmer han.

– Å vere pilot er på mange måtar ein livsstil?

– Ja, og i ein slik situasjon blir det i alle fall det. Men på oppdrag for landet ditt kan du strekke deg ganske langt. Det er ein god følelse.

Luftforsvarets flygeskule har søknadsfrist 1. desember. Les meir om opptaket og vegen til pilotyrket her.

Sjå video frå pirattokt over Det indiske hav:

Last ned video: MP4, Ogg
HTML5 Video Player by VideoJS