Av: Simon Solheim, Forsvarets mediesenterLinn Elise Goos Rølvåg frå Bardufoss skulle anten bli politi, veterinær eller friluftsinstruktør. Der var mange ting ho ville blir. 28-åringen hadde også ein draum å jobbe med hestar. Men i staden enda ho opp som helikopterpilot på Bell 412 i Luftforsvaret.
– Eg har verdas kulaste jobb. Det er dritfeitt å få lov til å fly helikopter. Der er moro å fly i fjellheimen, samarbeide med dei som står på bakken og kjenne at ein meistrar det ein driv med. Det er ein svært varierande jobb der ein ofte får kjenne på adrenalinet, seier 28-åringen. x
Skal til AfghanistanLinn Elise var ferdig utdanna helikopterpilot i 2009 og jobbar til daglig i 339-skvadronen på Bardufoss flystasjon. Der er det totalt tolv helikopter av typen Bell 412.
Helikopteret, som kan fly i over 250 kilometer i timen, blir nytta til taktisk transportstøtte til Hæren, VIP- og ambulanseflyging, samt søk- og redningsoppdrag.
Vi møtte Linn Elise på øvelse Faryab i Bardufoss i slutten av oktober. Då øvde ho på å jobbe i ein krigssituasjon saman med soldatar og offiserar som skal til Afghanistan no i november. I 2012 reiser også Linn Elise til landet på oppdrag for det norske Forsvaret.
– Det er ein del av jobben å bidra i internasjonale operasjonar. Eg trur det blir spennande å reise til Afghanistan. Eg har ein givande og meiningsfull jobb, og skal vere ein del av NAD-bidraget (Norwegian Aeromedical Detachment, journ.mrk.) som skal drive med ambulanseflyging og evakuering av skadde og såra.

EINASTE I LANDET: Linn Elise Goos Rølvåg (28) frå Bardufoss har arbeidsplass bak spakane på eit av Luftforsvarets Bell 412-helikopter. Ho er landets einaste kvinnelege Bell-pilot, og håpar på fleire kvinnelege kollegaer. Foto: Simon Solheim
– No har eg jobben eg aldri trudde eg skulle klare å fåLinn Elise er i dag den einaste kvinnelege piloten som flyr helikopter som blir brukt i krig og i taktiske operasjonar. Bell-pilotane trener ofte saman med spesialstyrkane i Forsvaret og med Beredskapstroppen, som er terrorpolitiet i Norge.
Den blide nordlendingen seier ho alltid har vore kjerringa mot straumen, og at ho alltid har gjort utradisjonelle ting. På fritida driv Linn Elise med elvepadling, og i heile haust har ho trena i tunge oppoverbakkar med to tunge bildekk på slep for å vere best mogleg rusta til å kome vidare i konkurransen om å få reise til Sydpolen på One Call Wintercamp.
Ho har jobba hard for å kome inn på Luftforsvarets flygeskule og for å klare å fullføre den knallharde utdanninga.
– Det har vore mykje jobbing. Men det er ingen supermenneske som flyr helikopter eller fly i Forsvaret. Ein må stå på og jobbe hardt for å klare det, og vere motivert og målretta. Men du får ein fantastisk jobb etterpå, seier Linn Elise.
Sjølv tenkte ho at ho ikkje skulle klare å komme gjennom nålauget:
– Eg tenkte at sjansen for å bli pilot i Forsvaret var veldig liten. Eg snakka med nokre flyelevar då eg gjekk befalsskulen, og dei sa til meg; prøv då, send inn ein søknad. Det verste svaret du kan få er eit nei. Ein har ingenting å tape på det.
– Eg sendte inn søknad, og heldigvis for det. For no sit eg her og har den jobben eg aldri trudde eg skulle klare å få.
Håpar fleire jenter vil søkjeDet er få jenter som sit bak spakane i militære fly og helikopter, og Linn Elise håpar fleire jenter vil følgje hennar fotspor:
– Jenter skal ikkje undervurdere seg i forhold til gutane, og tenkje at dei ikkje er gode nok. Det er berre å stå på og sende inn søknad. Visst dette er noko ein har lyst til, er det berre å gå for det. Ein veit aldri om ein klarer det. Eg trudde ikkje eg skulle komme gjennom nålauget, seier ho.
Luftforsvarets flygeskule har søknadsfrist 1. desember.
Les meir om opptaket og vegen til pilotyrket her.Sjå video med Linn Elise Goos Rølvåg: