Logistikk og ressursstyring, Sjøkrigsskolen

Illustrasjonsbilde - Logistikk og ressursstyring (SJKS)

Ved Sjøkrigsskolen kan du få bachelorgrad i logistikk og ressursstyring.​​​​​​​​

Målet for utdanninga

Utdanninga er felles for Hæren, Luftforsvaret og Sjøforsvaret.
Logistikarane skal støtte militære operasjonar og er ofte dei første som kjem til eit operasjonsområde og dei siste som dreg heim. Dette krev militær leiarutdanning.
Leiarutdanninga utviklar kadettane til duglege leiarar gjennom eit eige leiarutviklingsprogram. I dette programmet vert undervisning kombinert med øvingar og rettleiing på ein eineståande måte, der teori og praksis går hand i hand.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, som motivasjon innsatsvilje, fleksibilitet, kommunikasjonsevner, initiativ og evna til samarbeid.
 

1. år:

Luftkadettane har første år ved Luftkrigsskulen og to år ved Sjøkrigsskulen.
Hærens og Sjøforsvarets kadettar byrjar rett på Sjøkrigsskulen.
Det første året er felles for alle linjene ved Sjøkrigsskulen og kadettane vert organiserte i lag sett saman på tvers av bransjane.
 

2. og 3. år

Økonomi, administrasjon og operativ logistikk og vidare utvikling av militær leiarskap og militærmakt.
Hausttokt med KNM Statsraad Lehmkuhl.
 

Arbeidsmoglegheiter

Stillingar innanfor leiing, logistikk og verksemdsstyring, på mellomnivå i Hæren, Luftforsvaret, Sjøforsvaret, samt fellesstillingar innan logistikk og ressursstyring.
Bachelorutdanninga kvalifiserer òg for karriere og høve til utdanning på høgare nivå i Forsvaret, samt ved nasjonale så vel som internasjonale universitet og høgskular.
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse og gjennomført befalsutdanning.
 

I tillegg må du:

  • Oppfylle krava til fysisk kapasitet
  • Oppfylle helsekrava som Forsvarets sanitet stiller til personell som skal gjere teneste i internasjonale operasjoner
  • Ha gyldig sikringsklarering Hemmeleg, eller oppfylle krava til å få det, samt tilfredsstillande vandel
  • Normalt ikke 30 år i løpet av det året ein søkjer, men eldre søkjarar vil òg bli vurderte
  • Tilbod om studieplass krev at den einskilde seier seg viljug til å underteikne "eigenerklæring vedrørande urintesting for å avsløra narkotikamisbruk"
 
Logistikk- og ressursstyring tilbys ikke som gjennomgående ordning. 

Utdanningstype: Krigsskole

Fagområde: Logistikk og operativ støtte

Utdanningsnivå: Bachelor; Lederutdanning

Tilbys på: Sjøkrigsskolen

Søknadsfrist: 15.01.2012

Fysiske opptakskrav: Standardkrav

Utdanningskrav: Generell studiekompetanse; Gjennomført befalsutdanning

Gren: Sjøforsvaret

Sted: Bergen; Haakonsvern (Bergen)

Tema: Utdanning

Avdeling: Sjøforsvaret