Verneplikt

Landet vårt har store landområde og ei lang kystlinje. Vernepliktige er derfor ein berebjelke i forsvaret av Noreg. Tryggleiken vår er avhengig av at stadig nye generasjonar sluttar opp om Forsvaret.

Soldater fra de tre forsvarsgrenene Hær, Sjø og Luft sammen på Akershus festning ifm innføringen av allmennvernepliktNorwegian conscripts from the Navy, Army and the Air Force

Dette er verneplikt

  1. Både menn og kvinner som er norske statsborgarar, kan bli verneplikt​ige.​ For å bli vernepliktig må du bli vurdert som skikka til teneste i Forsvaret.

    ​Verneplikta gjeld frå året du fyller 19 år og fram til og med året du fyller 44 år (55 år for dei som tidlegare har vore militært tilsette i minst eitt år etter førstegongstenesta).

    Dette seier paragraf 119​​ i Grunnlova om verneplikt:

    «Alle statsborgarane har i regelen den same skyldnaden til å verne fedrelandet ei viss tid, utan omsyn til fødsel eller formue.»
  2. Allmenn verneplikt betyr at alle kvinner og menn fødde etter 1997 kan bli vernepliktige. Dette gjer at Forsvaret kan rekruttere dei best eigna og mest motiverte menneska frå heile befolkninga, uavhengig av kjønn.

    Det betyr ikkje at alle kvinner blir kalla inn til teneste, eller at det blir kalla inn like mange kvinner og menn. Alle blir vurdert likt, og Forsvaret vel dei som er best eigna. Dei kvinnene som blir kvalifiserte på sesjon og innkalla til førstegongsteneste, kan ikkje velje dette bort.

    Allmenn vernepliktig blei innført i Noreg i 2015. Verneplikta gjeld berre for kvinner fødde i 1997 eller seinare. Kvinner fødde før 1997, som tar utdanning i Forsvaret eller gjennomfører frivillig førstegongsteneste, må skrive under på ein kontrakt som gir dei ei tenesteplikt tilsvarande verneplikta.

  3. Som vernepliktig pliktar du å gjennomføre inntil 19 månader* (575 dagar) ordinær teneste. Ordinær teneste er førstegongsteneste, repetisjonsteneste og vanleg heimevernsteneste. Det betyr at når du har gjennomført 12 månader førstegongsteneste, kan Forsvaret kalle deg inn til 7 månader repetisjonsteneste eller heimevernsteneste fram til det året du fyller 44 eller 55 år. Dette er bestemt av Stortinget.

    * Ei førstegongsteneste på meir enn 16 månader vil som hovudregel innebere ei forlenging av ordinær tenesteplikt i fred. T.d. vil 18 månader førstegongsteneste gi 3 månader resterande tenesteplikt.

    Har du ikkje gjennomført førstegongstenesta før du startar med utdanning i Forsvaret, blir det første året av utdanninga di rekna som førstegongsteneste og 12 månader gjennomført tenesteplikt. ​

    Frivillig teneste som utdanning i Forsvaret, teneste i utlandet, verving, teneste i Heimevernet sine innsatsstyrkar eller tilsetting i Forsvaret blir ikkje rekna som ein del av tenesteplikta.

  4. I Heimevernet er den årlege ordinære tenesteplikta inntil 6 dagar for meinige (OR 1) og inntil 9 dagar for alle andre – fram til ein​ fyller 44 eller 55 år.

    Om du inngår kontrakt med ein av Heimevernets innsatsstyrkar, får du i tillegg inntil 30 dagar pliktig teneste per år.

    Teneste i Heimevernets innsatsstyrkar er rekna som frivillig teneste, og dei ekstra 30 dagane per år blir ikkje rekna inn i dei 19 månadene ordinær tenesteplikt.

Førstegongsteneste

I førstegongstenesta gjer du ein viktig innsats for Noreg. Du er med på å sikre fridomen og landet vårt.

Pil til høyre
2. Gardekompani er et av HMKGs geværkompanier. For å gå vakt og å kunne operere i hele konfliktspekteret har de en solid infanteriutdannelse.
Her under øvelse pre-YMER på Hengsvann.

/

2.Guard company during a field exercise outside of Oslo.

Verneplikta i totalforsvaret

Soldat fra Sanitetsbataljonen i Hæren sammen med Politiet.

Totalforsvaret er ei fellesnemning for det militære forsvaret og den sivile beredskapen i Noreg.

  1. Konseptet går ut på at alle landets ressursar kan takast i bruk for å sikre tryggleiken til nasjonen. Verneplikta har ei rolle i totalforsvaret. Forsvaret kan beordre tenestepliktig personell til å stille opp ved alvorlege hendingar for å medverke til totalforsvaret.

    Eit mål med beredskapsarbeidet er at hendingar skal handterast på lågast mogleg nivå i totalforsvaret. Det inneber at den verksemda som har ansvaret for ein sektor i fred, òg har ansvaret for han ved krise eller krig. I fredstid skal Forsvaret gje hjelp og støtte ved ulykker, redningsaksjonar og naturkatastrofar. Det er Fylkesmannen i kvart fylke som har ansvaret for samarbeid mellom sivil og militær beredskap.

    Når det oppstår hendingar som treng militærstøtte, får Forsvaret førespurnad om dette gjennom formelle kanalar. Ofte er det den lokale politimeisteren som ber om støtte frå ei militær avdeling eller Heimevernet.

    Du kan bli beordra til å stille opp anten fordi du tenestegjer ved ei avdeling som blir beden om å stille, eller fordi du er ein del av Heimevernet i ein region der det trengst støtte. Heimevernet kan påleggje soldatane sine dette ansvaret som ein del av tenesteplikta. 

  2. Sivilforsvaret er statens forsterkningsressurs og assisterer politiet, brannvesenet og ambulansetenesta ved større ulykker og katastrofar.

    Sivilforsvaret treng rundt tusen nye personar kvart år. Menn og kvinner mellom 18 og 55 år som bur i Noreg, har plikt til å tenestegjere i Sivilforsvaret om dei blir valde ut (jf. lov om Sivilforsvaret). Forsvaret samarbeider med Sivilforsvaret om rekrutteringa. Personellet i Sivilforsvaret skal ha ei geografisk tilknyting til aktuelt sivilforsvarsdistrikt. 

    Du kan sjølv søkje om å bli disponert i Sivilforsvaret. Kravet er at du har vore på sesjon og har ei helse som tilfredsstiller dei krava Sivilforsvaret stiller. Dei som blir valde ut, har plikt til å tenestegjere. 

    Du finn meir informasjon om kurstilbod og søknadsskjema på sivilforsvaret.no.

    Verneplikta inneber tenesteplikt i 19 månadar. Om du har gjennomført førstegongstenesta, får du 12 månadar trekt frå i tenesteplikta i Sivilforsvaret.