Til deg som har motteken melding om disponering

Illustrasjonsbilde - Til deg som har mottatt melding om disponering
Disponeringskort fortel deg kva for ei avdeling du skal møte ved – i tilfelle krise, konflikt eller krig. Det er ikkje innkalling til teneste.
Forsvaret vel ut personell som får melding om disponering. Desse er valt ut med bakgrunn i tidlegare militærteneste, og dessutan militær og/eller sivil utdanning.
 
Å vere disponert tyder ikkje at du automatisk blir kalla inn til repetisjonsøving. Alle som har gjennomført førstegongsteneste må vere førebudd på at Forsvaret på eit eller anna tidspunkt har behov for å gjenbruke kompetansen deira.
 
  • Disponering er ein del av verneplikta. Disponeringstida kan ikkje trekkjast frå tenesteplikta på 19 månader.
  • Disponering blir ikkje godtgjort. Det er berre ved innkalling til teneste og frammøte du mottek godtgjersle.
  • Du kan vere disponert sjølv om du er student. Kjem det ei innkalling til repetisjonsøving, vil Forsvaret vurdere om tenesta lèt seg kombinere med forpliktingane dine som student.
  • Disponering gjeld berre for dei som har gjennomført førstegongsteneste eller teke ei utdanning i Forsvaret.

Helse

Dersom du er mellombels skadd eller sjuk treng du ikkje gje Forsvaret melding om dette. Du er førebels berre disponert til teneste.
 
Meiner du derimot at du av medisinske årsaker permanent ikkje er i stand til å tenestegjere, må du sende ein søknad til Vernepliktsverket. Det er viktig at søknaden inneheld ein legeattest som ikkje er eldre enn tre månader. Søknaden blir vurdert av ein militær lege.
 

Søknad sendast til:

Vernepliktsverket
Postboks 800, Postmottak
2617 Lillehammer
 

Heimevernet sine innsatsstyrkar

Du kan søkja om opptak til Heimevernet sine innsatsstyrkar etter du har motteke melding om disponering. Blir du teke opp i ein innsatsstyrke, så blir disponeringa oppheva.
 

Melding om endring til Forsvaret

Du treng ikkje å melde adresseendring til Forsvaret. Databasen til forsvaret mottek informasjon frå folkeregisteret. Endringar i kompetansen din – som kan vere av interesse for Forsvaret – bør du gje oss melding om. Det kan ha tyding for din disponering. Skriv eit brev og legg ved relevant dokumentasjon.
 

Send brevet til:

Vernepliktsverket
Postboks 800, Postmottak
2617 Lillehammer