Fritaksordninga gjeld berre for arbeidsgjevar med tilsette som:
- Dekkjer ein samfunnskritisk funksjon
- Har fullført førstegongstenesta
- Har fått ei innkalling til Forsvaret
Alle tre kriteria må være oppfylt for at fritaksordninga skal være aktuell.
Nytt regelverk kjem
Nytt regelverk for fritaksordninga i Forsvaret skal innførast i 2012. Forsvarsdepartementet har gjort gjeldande regelverk «sovande» inntil nytt regelverk blir innført.
Dette skrivet (pdf) som regulerer ordninga er sendt ut til alle rapporterande ledd.
Desse prosedyrar skal følgjast:
- Departementa skal informere Forsvaret om tilgang og avgang for rapporterande ledd (RL) i fritaksordninga. Last ned skjema (pdf)
- Rapporterande ledd skal informere Forsvaret om tilgang og avgang for sivile krigstidsoppsetjingar (SKOP) i fritaksordninga. Last ned skjema (pdf)
- SKOP skal informere Forsvaret om tilgang og avgang i fritaksordninga for personar som dekkjer samfunnskritiske funksjonar. Merk! Tilgang i fritaksordninga skal berre skje dersom personen som dekkjer ein samfunnskritisk funksjon har fått ei innkalling til Forsvaret. Last ned skjema for tilgang (pdf). Avgang meldes per e-post til vpv.fritaksordningen@mil.no.
- Dersom ein søknad om fritak blir avslegen, kan SKOP klage på avgjerda. Last ned klageskjema (pdf)