Sivilforsvaret og politireserven

Illustrasjonsbilde - Sivilforsvaret og Politireserven

Kvart år blir over 1000 vernepliktige overførte til Sivilforsvaret eller politireserven.

Sivilforsvaret

Sivilforsvaret er statens forsterkningsressurs og assisterer politiet, brannstellet og ambulansetenesta ved større ulykker og katastrofar.
 
Sivilforsvaret treng ca. 1000 nye personar kvart år. Menn og kvinner mellom 18 og 55 år som bur i Noreg, har plikt til å tenestegjere i Sivilforsvaret dersom dei blir valde ut (jf. lov om Sivilforsvaret). Forsvaret samarbeider med Sivilforsvaret om rekruttering av personell. Personell i Sivilforsvaret skal ha ei geografisk tilknyting til aktuelt sivilforsvarsdistrikt.
 
Vanlegvis har personell i Sivilforsvaret ikkje gjennomført førstegongstenesta, men du kan også sjølv søkje om å bli disponert i Sivilforsvaret. Kravet er at du har vore på sesjon og har ei helse som tilfredsstiller dei krava Sivilforsvaret stiller. Du treng ikkje ha fullført førstegongstenesta for å bli vald ut. Kurstilbod, søknadsskjema og meir informasjon finn du på www.sivilforsvaret.no.
 
Verneplikta inneber tenesteplikt i 19 månader. Dersom du har gjennomført førstegongstenesta, får du 12 månader trekt frå i tenesteplikta i Sivilforsvaret.
 

Politireserven

Politireserven blir administrert av Utrykningspolitiet.

Oppgåvene til politireserven er:
  • Objektvakthald og vaktteneste
  • Trafikk- og patruljeteneste
  • Grensekontroll
  • Personsikring
 
For å bli med i politireserven er det eit krav at du har fullført førstegongstenesta.

Politireserven treng kvart år ca. 100 nye personar. Rekrutteringa skjer blant dei som har fullført førstegongstenesta og som er busett i austlandsområdet. Du må ha plettfri vandel, være motivert, helsemessig eigna og i god fysisk form for å bli disponert i politireserven.

Du kan sjølv søkje om å bli disponert i politireserven.