Kontrakt og lønn

Illustrasjonsbilde - foreløpig: Kontrakt

Når du skriv kontrakt med Heimevernets innsatsstyrkar, får du ein avtalebonus på 5000,– kroner.

​​Kontrakt som menig

Dei første seks dagane du øver kvart år, får du tenestetillegg som ved vanlege HV-øvingar. Deretter får du eit ekstraordinært tenestetillegg på 830,– kroner per øvingsdøgn resten av året. Dette tillegget er skattepliktig.
 

Kontrakt som befal

Dei første ni dagane du øver kvart år, får du lønn som ved vanlege HV-øvingar. Deretter får du eit ekstraordinært tenestetillegg på 830,– kroner per øvingsdøgn resten av året. Dette tillegget er skattepliktig.

Kontrakten gjeld for tre år. Når kontrakttida er over, får du 30 000,– kroner i bonus.

NB! Det er ein føresetnad at du har vore med på 75 prosent av alle øvingane.

ringsbidrag og særskild økonomisk hjelp

Dei som skriv kontrakt med Heimevernets innsatsstyrkar, kan søkje om dei same næringsbidraga og den særskilde økonomisk hjelpa som personell som er inne til HV-øvingar. Les meir om økonomisk hjelp.