Heimevernets innsatsstyrkar består av frivillig personell. Desse styrkane er samansette av mobile og fleksible einingar. Personell som ønskjer å tenestegjere i desse styrkane, må igjennom diverse opptaksprøver. Etter at opptaksprøvene er bestått, blir det skrive kontrakt, vanlegvis for tre år om gongen.
Personellet i innsatsstyrkane har inntil 30 dagars årleg tenesteplikt, utover normale årlege treningar. Til vanleg trenar innsatsstyrkane 15–20 dagar per år. I tillegg til dei årlege treningsdagane kan ein bli pålagd å ta spesielle fagkurs i Heimevernet, av varierande lengd.