Økonomi under øvingar

Illustrasjonsbilde - Økonomi under øvelser
Tenestetillegg for meinige (skattefritt)​ ​
​Meinig 161, kroner per dag​
​Visekorporal/tilsvarande 20,40 kroner ekstra per dag
Tillegget skal dekkje utgifter til forbruksartiklar du ikkje får frå Forsvaret.
Lønn for befal (skattepliktig) ​
​Sersjant 1160,00 kroner per dag​
​Fenrik 1204,20 kroner per dag
​Løytnant 1246,50 kroner per dag
​Kaptein 1306,10 kroner per dag
​Major 1618,40 kroner per dag
​Oberstløytnant ​1729,20 kroner per dag
 
I tillegg får befal og verva eit øvingstillegg (skattepliktig)
​Sersjant/fenrik 200, kroner per dag​
​Løytnant 300, kroner per dag
​Kaptein 400, kroner per dag
​Major 500, kroner per dag
​Oberstløytnant/høgare ​600,– kroner per dag
 

Økonomiske tillegg for meinige​

Utbetalast til din partnar. Tillegget er skattefritt.

Sats:
161,– kroner per dag.
Utbetalast til den som har omsorg for barnet. Tillegget er skattefritt.

Sats:
164,10 kroner per dag for det første barnet, deretter 67,60 kroner for kvart barn om du har fleire.
Nødvendig dokumentasjon:
Dokumentasjon på at du ikkje tek imot lønn frå arbeidsgivar, eiget føretak/firma eller eit offentleg kontor under øvinga. Skriv ut eiget skjema:
Orientering til arbeidsgiver, bokmål (pdf)
Orientering til arbeidsgivar, nynorsk (pdf)
Information for the employer, english (pdf)

Tilegget blir òg gjeve til dei som tek imot arbeidsløysetrygd før dei møter til HV-øving.

Utbetalast i tillegg til teneste-, ektefelle- og/eller barnetillegg. Tillegget er skattepliktig.

Sats:
450,– kroner per dag. Det utbetalast òg for reisedagar til og frå tenesta.

Tillegg du kan søkje på (både meinige og befal)

Økonomisk støtte til deg som eig og driv eiga bedrift, aksjeselskap, andelslag eller tilsvarande. Støtta kan også bli gjeven til jordbrukarar. Støtta vurderast etter bedrifta sin økonomi.

Du eller din ektefelle må ha hovudinntekt frå bedrifta. Bedrifta kan ikkje ha fleire enn 5 årsverk.

For deg som vel å stille bedrifta i ro, kan det gis støtte til faste, laupande kostnader medan du er i Forsvarets teneste. Støtta delast på antall årsverk i bedrifta. Maksimalbeløpet er 2000,– kroner per dag. Minimumsbeløpet er 500,– kroner per dag.
Økonomisk støtte til deg som eig og driv eiga bedrift, aksjeselskap, andelslag eller tilsvarande. Støtta kan også bli gjeven til jordbrukarar. Støtta vurderast etter bedrifta sin økonomi.

Du eller din ektefelle må ha hovudinntekt frå bedrifta. Bedrifta kan ikkje ha fleire enn 5 årsverk.


Du får støtte til vikarens lønnskostnader medan du er i Forsvarets teneste. Det betyr at overskotet i bedrifta skal dekkje delar av lønnskostnadene. Maksimalbeløpet er 2000,– kroner per dag. Minimumsbeløpet er 500,– kroner per dag.
Om du dokumenterer eigen bedrift med firmaattest, kan du få minimumsbeløpet på 500,– kroner per dag.
Du kan få økomisk støtte om inntekta i husstanden i tenesteperioden er mindre enn dei faste bu- og levekostnader i same tidsrom.

Minimumsbeløpet er på netto 350,– kroner per dag. Det er inga øvre grense for bidraget.
Ei økonomisk støtte du kan få for å dekkje ekstrautgifter for barnepass.

- Alternativ 1: Du leiger ei barnevakt. Lønn til barnevakt er på 120,– kroner per time eller 1500,– kroner per døgn.
- Alternativ 2: Din ektefelle/sambuar kan ta permisjon utan lønn frå jobb for å passe barna. Forsvaret dekkjer inntektstapet.

I tillegg kan du få støtte til:
- Reiseutgifter tur–retur for å hente barnevakta.
- Reiseutgifter du får for å transportere barna til barnevakta.
Får du andre utgifter som oppstår som følgje av tenesta, kan du søkje om økonomisk støtte for det.

Slik søkjer du

  1. Skriv ut søknadsskjemaet (pdf) og fyll det ut
  2. Legg ved nødvendig dokumentasjon*
  3. Send søknadsskjema til ditt Heimevernsdistrikt, seinast tre månader etter avslutta teneste
 
* Eksempel på dokumentasjon:
Sjølvmelding (selvangivelse), næringsoppgåve/årsrekneskap, arbeidsavtale m/vikar, skattekort del 2, dokumentasjon på utgifter, arbeidsavtale, stadfesting frå ektefelle/sambuar sin arbeidsgivar på innvilga permisjon utan lønn under tenesta og/eller oversikt over inntektstapet.