Treng du overnatting for å nå oppmøtetidspunktet?
I innkallinga skal det vanlegvis liggje eit skriv frå heimevernsdistriktet ditt. Der står det kvar du skal ta kontakt for å ordne overnatting. Anna overnatting blir ikkje dekt.
Refusjon av reisa
Forsvaret refunderer reise til og frå oppmøtestaden. Reisegodtgjeringa blir utrekna etter den billigaste reisemåten og blir utbetalt etter oppmøte. Du får rabatt på offentleg transport ved å vise fram legitimasjon og innkallinga.
Køyrer du eigen bil?
Der det er offentleg transport tilgjengeleg, får du refundert eit beløp som tilsvarer det som det hadde kosta å bruke offentleg transport. Er det ikkje offentleg transport tilgjengeleg, får du kilometergodtgjering. Dei fleste oppmøtestedar har avsett plassar til parkering. Du parkerer på eige ansvar.
Merk: Av og til kan kilometergodtgjering vere billigare enn offentleg transport, då blir det utbetalt kilometergodtgjering.
Sjuk eller skadd når du skal møte?
Blir du akutt sjuk like før frammøte må du varsle
Forsvaret omgåande på telefon 03003 (tast 1) og sende kopi av
sjukemeldinga. Dokumentasjon bør sendast på faks eller
e-post.
Dersom du har fått ein kronisk sjukdom som du trur endrar di tenestedyktigheit, må du sende ei legeerklæring (ikkje eldre enn 3 månadar) til Vernepliktsverket straks etter at du har fått innkallinga. Sjå innkallingspapira for detaljar.
Legeerklæringa må innehalde grundig forklaring av sjukdom/plager samt vurdering av prognose.