Søk om utsetjing

Illustrasjonsbilde - Innkalt til HV-øvelse?
Du er pliktig til å møte dersom du får innkalling til nytilføring til Heimevernet. Er det spesielle grunnar til at du ikkje kan møte, kan du søkje om utsetjing.

Du kan mellom anna søkje om utsetjing på grunn av:

  • Utdanning
  • Eiga helse
  • Sjukdom i familien
  • Svangerskap/omsorg
  • Eineforsørgjar / omsorg for barn

Slik søkjer du

  1. Last ned søknadsskjemaet for utsetjing (pdf)
  2. Fyll ut alle opplysningar og legg ved dokumentasjon. Søknadsskjemaet seier kva for vedlegg du må ha med. Legeerklæringar skal ikkje vere eldre enn tre månadar.
  3. Send inn søknaden til denne adressa:


Vernepliktsverket
Postboks 800, Postmottak
2617 Lillehammer 
​​
MERK: Har du vore på heimevernsøvingar før, skal søknaden om utsetjing sendast direkte til heimevernsdistriktet ditt.