Treningstips

Illustrasjonsbilde - Treningstips

Kom i form før du møter til teneste.

Førebuing

God fysisk form har mykje å seie. Forsvaret har fleire tips til deg som ønskjer å møte til teneste førebudd. Finn treningstips her.

Fysiske krav

For vanlig førstegongsteneste er det generelt sett ikkje nokre fysiske minstekrav, men du må vere tenestedyktig etter sesjon del 2.

Alle soldatar har likevel testplikt på øvingane:
  • 3000-meter
  • Hangups
  • Pushups
  • Situps

Det vil seie at du må gjennomføre øvingane (til vanleg under rekruttskulen og ved dimisjon), men at det ikkje er nokon formelle minstekrav.

Merk: Ein del tenestetypar i førstegongstenesta har minstekrav til mellom anna 3000-meter og andre fysiske testar. Du finn meir om desse krava under kvar enkel tenestetype.